Ideen om tusenårsriket er det same som kiliasme. Den går ut på at Kristus skal opprette «tusenårsriket» på jorda og har utgangspunkt i Johannes si openberring kapittel 20 vers 1–6, der det står at Satan skal bli bunden i tusen år. Martyrane skal oppstå og herske saman med Kristus, inntil Satan blir sloppen laus igjen og set i gang det siste, verdsomspennande opprøret, som endar med at både han og døden blir utsletta og at Gud opprettar sitt evige rike.
Faktaboks
- Også kjend som
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.