Ein predator er ein organisme som drep og et andre organismar. Som oftast er det eit rovdyr som drep og et byttedyr.
Døme på predatorar inkluderer:
- rovpattedyr som ulv, gaupe, hund og katt
- rovfuglar som ørn, ugle, måke
- småfugl som lever av insekt
- rovinsekt som marihøne og augestikkar
- rovfisk som hai, gjedde, blekksprut og sjøstjerne
Ein polyfag predator er ein generalist som et mange ulike artar. Ein monofag predator er ein spesialist som konsentrerer seg om eit fåtal artar.
Kjøtetande planter og dyr som et frø, vert og rekna som predatorar sidan dei får mat ved å drepa andre organismar.
Mange predatorar er også byttedyr for større predatorar. Til dømes er raudreven ein predator som et mindre dyr, særleg smågnagarar, medan raudreven sjølv er eit viktig byttedyr for blant anna kongeørn. Ein predator som står øvst i næringskjeda og ikkje er byttedyr for andre predatorar vert kalla ein toppredator.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.