Minoisk er det som gjeld bronsealderkulturen på Kreta generelt, og språket og skrifta i denne tida meir spesielt.
To typar stavingsskrift frå denne tida er belagde gjennom innskrifter på leirtavler – linear A og linear B.

Den eldste, linear A, frå rundt 2000–1400 før vår tidsrekning, er framleis ikkje tyda, og ein kjenner ikkje språket som denne skrifta representerer. Utan at ein kan seie noko sikkert, er det sannsynleg at det dreiar seg om det minoiske språket som blei snakka på Kreta før invasjonen av greske stammer kring 1400 fvt. Gresk har truleg lånt nokre få ord frå minoisk, som thálassa θάλασσα 'hav'.
Den yngre skrifta, linear B frå rundt 1400–1200 fvt., blei tyda av den britiske arkitekten og språkforskaren Michael Ventris i 1952 og representerer det eldste stadiet av gresk (mykensk).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.