Mikrostat er ei nemning for ein svært liten, sjølvstendig stat, målt etter areal, folketal eller begge delar. Mikrostatar blir vanlegvis rekna som ei undergruppe av småstatane. Det finst inga ålment vedteken grense for kor liten ein stat må vere for å bli rekna som ein mikrostat.
Nemninga blir særleg brukt om nokre av Europas minste statar: Vatikanstaten, Monaco, San Marino, Liechtenstein og Andorra. Også små øystatar andre stader i verda, som Nauru, Tuvalu, Palau og Marshalløyane, kan omtalast som mikrostatar.
Nemninga mikrostat viser først og fremst til den geografiske eller demografiske storleiken til staten. Småstat er eit vidare og meir relativt omgrep, der ein òg legg vekt på økonomiske ressursar og politisk og militær makt. Noreg blir til dømes ofte omtalt som ein småstat, men blir ikkje rekna som ein mikrostat.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.