Lov om forsvunne personar er ei norsk lov som regulerer kva som skjer når ein person er forsvunnen. Lova har reglar om meldeplikt ved forsvinningar og forvaltning av buet til personen som har forsvunne.

Faktaboks

Fullt namn
Lov om forsvunne personar
Vedteken
12.05.2015
Tredd i kraft
01.07.2015
Lovdata-ID
NL/lov/2015-05-12-27

Lova erstattar den førre lova om forsvunne personar, frå 1961. Bakgrunnen for dagens lov var at det har skjedd store endringar i samfunnet sidan 1960-talet; som at folk reiser meir, og at det har komme ny teknologi som gjer kommunikasjon enklare. Tsunamien i Asia i desember 2004 viste òg at den dågjeldande lova var uklar og at fristane for å seie dom om dødslysing var lange.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg