Kasus er ein grammatisk kategori som fyrst og fremst blir nytta til å uttrykkje «kven som gjer kva med kven». Sagt på ein annan måte: Kasus viser kva funksjon eit setningsledd har i ei setning, til dømes om det er subjekt, indirekte objekt eller direkte objekt.

Faktaboks

Uttale

kasus

Etymologi
av latin cāsus ‘fall, tilfelle’

Nokre vanlege kasus er nominativ, akkusativ, dativ og genitiv, som er dei kasusa vi finn i mellom anna tysk og islandsk.

Kasus kan opptre som bøying eller som eigne ord. Den typen setningsledd som tek kasus, er nomenfrasar. Til vanleg er det eit substantiv eller eit pronomen aleine eller i lag med ulike tillegg: jenta, ho, den vesle jenta, jenta med fletter, jenta som eg møtte i byen, ho som sa det.

Det finst mange språk som ikkje har kasus. Då blir funksjonen til ein nomenfrase oftast uttrykt ved hjelp av ordrekkjefylgje eller ved samsvarsbøying på verbet.

Kasus spelar ikkje ei viktig rolle i moderne norsk; her blir heller ordrekkefylgje nytta. Kasus er vanlege i nokre germanske språk (til dømes tysk) og i mange andre språk over heile verda.

Kasus i tysk

Nedanfor ser du tre tyske nomenfrasar i eintal, i fire kasus. Frasane som tyder ‘den gamle mannen’ og ‘den gode vinen’, har eit maskulint substantiv, høvesvis Mann ‘mann’ og Wein ‘vin’. Frasen som tyder ‘den unge kvinna’, har derimot det feminine substantivet Frau ‘kvinne’. Tysk har også genuset nøytrum (inkjekjønn), men det har vi ikkje teke med her.

maskulinum (hankjønn) maskulinum (hankjønn) femininum (hokjønn)
‘den gamle mannen’ ‘den gode vinen’ ‘den unge kvinna’
nominativ der alte Mann der gute Wein die junge Frau
akkusativ den alten Mann den guten Wein die junge Frau
dativ dem alten Mann dem guten Wein der jungen Frau
genitiv des alten Mannes des guten Weines der jungen Frau

Den bundne (bestemte) artikkelen har mest kasusbøying, adjektivet mykje mindre og substantivet minst. Det er fyrst og fremst artikkelen som skil frasane frå kvarandre i ulike kasus, og vi ser at frasar i femininum skil kasusa i mindre grad enn maskuline frasar.

Dersom vi ynskjer å seie ‘den gamle mannen gav den unga kvinna den gode vinen’, blir det slik:

setningsledd: subjekt verbal indirekte objekt direkte objekt
kasus: nominativ dativ akkusativ
der alte Mann gab der jungen Frau den guten Wein
den gamle mannen gav den unge kvinna den gode vinen

Setninga kan setjast om til norsk slik:

  • ‘Den gamle mannen gav den unge kvinna den gode vinen.’
  • ‘Den gamle mannen gav den gode vinen til den unge kvinna.’

Dei tre nomenfrasane har ulike kasus: Subjektet står i nominativ, det indirekte objektet står i dativ, og det direkte objektet står i akkusativ. Sjølv om setningsledda her står i same rekkjefylgja som i den tilsvarande norske setninga, kan vi byte om på setningsledda utan at setninga får ei anna tyding, så lenge vi ikkje endrar kasusa, til dømes slik:

setningsledd: indirekte objekt verbal subjekt direkte objekt
kasus: dativ nominativ akkusativ
der jungen Frau gab der alte Mann den guten Wein
den unge kvinna gav den gamle mannen den gode vinen

Setninga kan setjast om til norsk slik:

  • ‘Til den unge kvinna gav den gamle mannen den gode vinen.’

Hovudfunksjonen til kasuset genitiv er å peike ut eigaren i ein nomenfrase, medan det eigde har eit kasus som viser den funksjonen heile nomenfrasen har i setninga. Dette kan vi illustrere med ei tysk setning som tyder ‘den unge kvinna drakk den gode vinen til den gamle mannen’:

setningsledd: subjekt verbal direkte objekt
kasus: nominativ akkusativ genitiv
die junge Frau trank den guten Wein des alten Mannes
den unge kvinna drakk den gode vinen til den gamle mannen

I denne setninga er objektet den guten Wein des alten Mannes ‘den gode vinen til den gamle mannen’ ein nomenfrase der den guten Wein ‘den gode vinen’ er det eigde (possessum), medan des alten Mannes ‘til den gamle mannen’ er eigaren (possessor).

Kasus uttrykt ved hjelp av grammatiske «småord»

Det er vanleg å definere kasus som ein bøyingskategori som viser kva funksjon ein nomenfrase har i ei setning, ein definisjon som passar godt for mange kasusspråk, mellom anna dei fleste i Europa, som finsk, samisk, russisk og latin. Men det finst òg språk som uttrykkjer kasus ved hjelp av grammatiske «småord» eller partiklar – til dømes dei asiatiske språka koreansk, japansk, burmesisk og hindi og det afrikanske språket kanuri. Den koreanske setninga nedanfor tyder ‘storebror møtte venen min i teateret’:

setningsledd: subjekt adverbial direkte objekt verbal
kasus: nominativ lokativ akkusativ
hyeng i kukcang eyse nay chinkwu lul mannasse
storebror teater venen min møtte

Kvar nomenfrase har ein kasusmarkør etter seg: i (nominativ), eyse (lokativ) og lul (akkusativ). Desse kasusmarkørane er ikkje bøyingsendingar på dei substantiva dei fylgjer, men er i staden grammatiske partiklar.

Direkte og inherente kasus

Kasus som nominativ og akkusativ, som fortel at ein nomenfrase fungerer som subjekt eller objekt, blir kalla direkte eller strukturelle kasus. Kasus som lokativ og illativ (sjå neste avsnitt), som fortel at ein nomenfrase fungerer som adverbial, blir derimot kalla inherente eller semantiske kasus.

Ein del vanlege kasus

Direkte kasus

Ein direkte kasus markerer at ein nomenfrase er subjekt eller objekt.

  • Nominativ: viser kva som er subjektet
  • Akkusativ: viser kva som er det direkte objektet
  • Dativ: viser kva som er det indirekte objektet
  • Ergativ: viser kva som er subjektet til eit transitivt verb
  • Absolutiv: viser kva som er det direkte objektet eller subjektet til eit intransitivt verb

Nokre språk nyttar nominativ og akkusativ, andre nyttar ergativ og absolutiv, og atter andre nyttar begge delar, men i ulike delar av det grammatiske systemet.

I eit språk med nominativ og ein del andre kasus er det vanleg å kalle dei andre kasusa enn nominativ for oblik.

Inherente kasus

Dei inherente kasusa, som markerer at ein nomenfrase er adverbial, har tydingar som liknar på norske preposisjonar. Forklaringane nedanfor er summariske.

Andre kasus

  • genitiv viser kven som er eigaren (possessor)
  • vokativ viser kven som blir tiltala

Kasus i norsk

Medan norrønt hadde fire kasus – nominativ, akkusativ, dativ og genitiv – spelar kasus ei perifer rolle i moderne norsk. Vi skil mellom ulike kasusformer ved nokre pronomen, jamfør ho (nominativ), henne (oblik) og hennar (genitiv), medan substantiv ikkje har kasusbøying i skriftspråka våre og dei fleste dialektane.

Norske dialektar med kasus

Det finst nokre dialektar – særleg i Setesdal, Innlandet, Møre og Romsdal, Trøndelag og søre Nordland – som skil mellom nominativ og dativ ved bundne (bestemte) former, men berre i samband med preposisjonar. Her er nokre vanlege former (det som skil nominativ og dativ i inkjekjønn eintal er ofte tonelaget):

nominativ, bunden dativ, bunden
hankjønn eintal vegen vega
hokjønn eintal brua bruen
inkjekjønn eintal 1huse 2huse
fleirtal fjella fjellom

Desse to setningane illustrerer bruken, med «til stad» i nominativ og «på stad» i dativ:

  • Ola går ned på vegen. (til vegen, i nominativ)
  • Ola går nedpå vega. (på vegen, i dativ)

Trass i at norske substantiv ikkje har kasusbøying (med unnatak av nokre dialektar, som nemnt over), har språket likevel ein s som uttrykkjer kasusen genitiv, jamfør uttrykket kongens båt. Denne s-en er ikkje eit bøyingssuffiks, men ein grammatisk partikkel som kjem heilt til slutt i ein nomenfrase, som i [kongen av Danmark]s båt og [systera mi]s linjal, der possessor-frasen står mellom hakeparentesar.

Andre måtar å markere funksjonen til ein nomenfrase på

Mange språk markerer funksjonen til ein nomenfrase på andre måtar enn med kasus. Eit vanleg alternativ er leddstilling, som mellom anna inneber at det einaste som skil subjekt og objekt, er posisjonen deira i høve til kvarandre eller i høve til verbet. I engelsk står subjektet normalt føre verbet, medan objekt står etter, og det finst ingen kasus (bortsett frå litt ved pronomena, som i norsk):

setningsledd: subjekt verbal objekt
rett føre verbalet etter verbalet
the dog bit the cat
hunden beit katten

Hadde the dog og the cat bytt plass, ville the cat bli subjekt og the dog objekt. Ein kan òg setje objektet (the cat) heilt fremst i setninga, men subjektet (the dog) må likevel stå rett føre verbalet: The cat the dog bit.

Ein annan vanleg måte å få fram funksjonen til ein nomenfrase på er samsvarbøying på verbet. Her kan vi gå til tysk att. Sjå fyrst på denne nomenfrasen, som tyder ‘dei gamle mennene’:

‘dei gamle mennene’
nominativ die alten Männer
akkusativ die alten Männer
dativ den alten Männern
genitiv der alten Männer

I fleirtal har ikkje tysk nokon skilnad på nominativ og akkusativ. Sjå no på den tyske setninga nedanfor. Her er die alten Männer ‘dei gamle mennene’ subjekt og die junge Frau objekt:

setningsledd: subjekt verbal objekt
kasus: die alten Männer sahen die junge Frau
dei gamle mennene såg den unge kvinna

‘Dei gamle mennene såg den unge kvinna.’

Det er samsvarsbøyinga på verbet som viser kva som er subjekt, og kva som er objekt. Når subjektet er i 3. person fleirtal, som die alten Männer, har verbet forma sahen. Hadde subjektet stått i 3. person eintal, som die junge Frau, ville verbet hatt forma sah. I setninga Die alten Männer sah die junge Frau er die alten Männer direkte objekt og die junge Frau subjekt.

Det finst mange språk som nyttar samsvarbøying på verbet som den einaste måten for å få fram «kven som gjer kva med kven», og verbet samsvarar ofte ikkje berre med subjektet, men òg med objektet. Eit slikt språk er klassisk nahuatl. I setninga nedanfor har verbet eit prefiks for subjektet og eit prefiks for objektet (S = subjekt, O = objekt, BA = bunden (bestemd) artikkel):

Ni-qu-itta in pilli. ‘Eg ser ungen.’

eg(S)-ho/han(O)-ser BA unge

Og her er ei setning der verbet har eit prefiks for objektet (det finst ikkje noko prefiks for 3. persons subjekt):

Nēch-itta in pilli. ‘Ungen ser meg.’

meg(O)-ser BA unge

Abstrakte kasus

I generativ grammatikk opererer ein med såkalla abstrakte kasus, som er eigenskapar ved nomenfrasar i djupstrukturen, til dømes slik at nomenfrasen the cat i setninga The dog bit the cat, ‘Hunden beit katten’ har det abstrakte kasuset akkusativ i djupstrukturen. Abstrakte kasus treng ikkje å bli realiserte som kasus i tradisjonell tyding i overflatestrukturen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (8)

skreiv Kaia Andrea Sølverød

Under overskriften kasus i tysk er det en feiloversettelse i den 3 illustrasjonen.

Den tyske setningen begynner med dativ, men den norske setningen der det skal stå tilsvarende dativ, er i nominativ. Så oversettelsen av hele setningen er feil vei i eksempelet.

svarte Rolf Theil

Hei! Meiner du «der jungen Frau gab der alte Mann den guten Wein»? Setninga er sett om ledd for ledd, ikkje med ei idiomatisk norsk setning. Det indirekte objektet er omsett med «den unge kvinna», verbalet med «gav» osb. Det er ikkje meininga at omsetjinga skal lesast som «den unge kvinna gav den gamle mannen den gode vinen» – akkurat som det koreanske eksempelet ikkje er sett om med ei setning «storebror teater venen min møtte». Det er ei omsetjing ledd for ledd.
PS: Folk som heiter Sølverød, er vel frå Eidanger?

skreiv Kaia Andrea Sølverød

Ah, det forklarer forvirringen, men kan jeg foreslå å presisere dette i illustrasjonsforklaringen ved å legge til setningen på norsk i riktig rekkefølge? På illustrasjonene over og under står setningen først på norsk, men dette er ikke tilfelle i tabellen jeg tolket feil. Det ble litt vanskelig å tolke for en som er ikke er spesielt stø i kasus, eller koreansk.

Og ja, skal innrømme at jeg originalt er fra Eidanger ja. Det er ikke mulig å gjemme seg med mitt etternavn. Så la meg gjette, du gikk på Tveten ungdomsskole?

svarte Rolf Theil

Hei igjen!
Du har gitt meg noko å tenkje på, og eg skal lage nokre tillegg så det blir lettare å forstå! Takk for merknadene dine!
Ja, eg er dangling – og gjekk på Tveten folkeskole frå 1953 til 1960 og på Tveten ungdomsskole frå 1960 til 1962. Eg kjenner fleire som heiter Sølverød!

skreiv Kaia Andrea Sølverød

Da antar jeg at du enten er en av de som var på epleslang hos min bestefar, eller hadde min bestemor på skolekjøkkenet? Jeg er yngste barnebarn fra Tveten gården mellom skolene og folkehøyskolen.

svarte Rolf Theil

Eg har lagt inn nokre ekstra linjer i beskrivinga av tysk. Kan du sjekke om du synest det har blitt betre?
(Heitte bestefaren din Torjus? Viss bestemora di var kona til Torjus, veit eg kven du snakkar om, for ho begynte som lærar på Tveten ca. 1958/9, og eg hadde ho i eit fag i 7. klasse. Ho heitte vel Synnøve? Ho var dottera til læraren min i 1. klasse, "frøken" Solgård, som budde i Langangen. Da eg gjekk på skolen, hadde ikkje gutane skolekjøkken, bare sløyd… Vi budde i Tveitanvegen 11 frå 1958 til 1963, så eg er ganske lokalkjend! Du kan godt svare med på rolf@theil.no, så held vi korrespondansen utanfor SNL … 😉)

skreiv Egil Ingvar Aune

Teksten i første avsnittet under Kasus i norsk kan tolkast slik at dei aktuelle norske dialektane har dativ berre i fleirtal, men eg vil tru at mange (alle?) har dativformer også for bestemt eintal. Så ei omformulering bør vurderast.

svarte Rolf Theil

Hei! Eg har lagt inn fleire døme for å hindre ei slik misforståing.
Takk for merknaden!

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg