Jordskred i Gudbrandsdalen i juni 2011 utløyst av kraftig nedbør i kombinasjon med smeltevatn frå fjellet.
Jordskred
Av /NTB scanpix.

Jordskred er ein type lausmasseskred som går på ei open skråning utanfor bekkefar og bekkeløp. Massane kan enten vera relativt faste og gli langs eit glideplan, eller vera meir blanda med vatn og flyta nedover som ein graut.

Lausmassane som er i bevegelse i eit jordskred, blir kalla jordmassar. Ofte vil jordmassar ha innslag av organisk materiale, som jordsmonn, tre, røter og gras, blanda i hop med sand, grus, steinar og blokker. Innhaldet av finare partiklar som silt og leire varierer.

Jordskred blir delt inn etter korleis jordmassane bevegar seg. Glir massane langs eit glideplan, blir skredet kalla ei jordmasseutgliding. Jordmassar som strøymer nedover ei open skråning, blir kalla jordmasseskred.

Jordmasseutgliding

Skisse av plan jordmasseutgliding. Glideplanet er gjerne nær parallelt med terrenget.

Translasjonsskred_skisse
Lisens: CC BY SA 3.0

Kurva jordmasseutgliding. Glideplanet kan ofte teiknast som del av ein sirkel med stor radius. Jordmassane roterer ut av skråninga, om punktet markert x, som er sentrum i sirkelen.

Rotasjonsskred_skisse
Lisens: CC BY SA 3.0

Dette er relativt faste jordmassar som glir ut langs eit glideplan. Er glideplanet krumma, blir utglidinga kalla ei kurva jordmasseutgliding eller eit rotasjonsskred. Slike skred har kort rekkevidde og blir ofte utløyste i samband med graving som fjernar massane som held skråninga på plass, for eksempel ved vegarbeid, utgraving av ei tomt, eller av ei elv som grev seg inn i skråninga. Ei krumma jordmasseutgliding kan ofte vera starten på eit større skred.

Glir massane på eit plant sjikt, blir skredet kalla ei plan jordmasseutgliding. Eit slikt plant sjikt kan vera ei grense mellom to ulike jordartar eller mellom lausmassane og fjelloverflata. Dette glideplanet er ofte nær parallelt med overflata. Eit anna ord for eit slikt skred er translasjonsskred.

Jordmasseskred

Jordmasseskred er gjerne trekantforma med spissen i trekanten opp mot losnepunktet. Dette skredet gjekk ved Anestølen i Sogndal 22. september 2007.
Jordmasseskred_Anestølen_Sogndal_2007
Av .

I eit jordmasseskred er jordmassane blanda med vatn og flyt raskt nedover som ei tjukk velling. Skredet utvidar seg i breidda nedover, og i kartbiletet får det gjerne form som ein trekant eller ei pære, der stilken i pæra peikar oppover mot losnepunktet. På sidene kan det bli avsett ryggar med steinar og blokker, og i fronten ei blokkrik tunge.

Jordmasseskred blir ofte utløyste i regnvêr og/eller snøsmelting. Dette skjer fordi poreromma i jordarten blir fylte opp med vatn, og poretrykket reduserer friksjonen mellom korna og svekker stabiliteten til jordmassane. Poretrykket aukar når vatn blir tilført jordmassane raskare enn det blir drenert ut.

Ofte startar eit jordmasseskred som ei jordmasseutgliding, der dei intakte jordmassane kollapsar og strøymer vidare nedover som eit jordmasseskred. Ei anna utløysande årsak kan vera eit steinsprang frå fjellsida over, som legg seg oppå jordmassane og fører til ei plutseleg auke i tyngda på jordmasseskråninga. I tillegg kan steinspranget føra til at jordmassane blir kompakterte og får mindre porevolum. Dette fører til ei mellombels auke i poretrykket som svekkjer stabiliteten til jordmassane.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bondevik, Stein og Rüther, Denise (2025): Forslag til nye termar og definisjonar av omrepa jord- og flaumskred. Norwegian Journal of Geology.
  • NGI (2014): Skred – skredfare og sikringstiltak: Praktiske erfaringer og teoretiske prinsipper. Universitetsforlaget.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg