Bjørnebærblom frå Søndre Sandøy, Hvaler.
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Bjørnebær. Fruktene er velsmakande og eignar seg til m.a. saft og syltetøy.
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Bjørnebær er eit fellesnamn på ei gruppe artar buskvekstar i slekta Rubus i rosefamilien.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Rubus fruticosus coll.
Beskriven av
auct.

Karakteristikk

Dette er buskar med kvasse tornar. Blada er kopla og blomane kvite eller rødlege.

Frukta er ei samansett steinfrukt som liknar bringebær, men er svart eller svartraud, og skil seg elles frå bringebær ved at fruktene sit fast på fruktbotnen.

Utbreiing

Det finst ei stor mengd artar eller småartar, utbreidd i Europa, Vest-Asia, Nord-Afrika og Amerika. I Noreg finst mellom 20 og 25 artar, dei fleste utbreidde på Sørlandet, særleg i Aust-Agder. Den vanlegaste er skogbjørnebær (latinsk namn: Rubus nessensis), som på Austlandet går nord til Krødsherad og i kyststrøk nord til Nordmøre.

Bruksområde

Fruktene av bjørnebær er svært gode til syltetøy. Nokon artar, med større frukter enn hos artane våre, er vanleg dyrka i Nord-Amerika. Ei kryssing mellom bringebær og ein amerikansk bjørnebærart har blitt kalla loganbær, som har store, svartrøde frukter og ber rikt.

Blada har i folkemedisinen vore brukte som middel mot diaré, og uttrekk har òg vore brukte som gurglevatn og til behandling av sår som ikkje ville gro.

Næringsinnhald

Dyrka bjørnebær inneheld cirka 15 milligram vitamin C, 196 milligram kalium, 85 prosent vatn og 144 kilojoule tilførte energi per 100 gram etande vare.

Bjørnebærsortar

Sortsnamn Brukstid Kvalitet Fruktstorleik, farge og bereevne Andre opplysningar
Bedford Giant Siste halvdel av august søt Stor, rund, mørk, nesten svart, stor, men usikker Småhagar på klimatisk gunstige stader
Loch Ness Midten av september syrleg, god smak Stor, avlang, stor bereevne, men modnar sjeldan på friland Berre aktuell på klimatisk gunstige stader
Wilson’s Early Sist i august syrleg, god Middels, rund, stor bereevne, men usikker Småhagar på klimatisk gunstige stader

Systematikk

Nivå Vitskapleg namn Norsk namn
Rike Plantae planteriket
Rekkje Magnoliophyta blomsterplanter, dekkfrøingar, dekkfrøete planter
Klasse Eudicots tofrøblada planter, tofrøbladete planter
Orden Rosales roseordenen
Familie Rosaceae rosefamilien
Slekt Rubus bjørnebærslekta, bjønnbærslekta
Art Rubus fruticosus agg. bjørnebær-gruppa

Systematikken følgjer Artsdatabankens inndeling (2026).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Rubus fruticosus coll.
Artsdatabanken-ID
160988

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg