WCAG er eit internasjonalt sett med retningsliner for korleis innhald på nettet skal gjerast tilgjengeleg for flest mogleg brukarar, uavhengig av funksjonsevne. WCAG er den mest brukte standarden for universell utforming av digitale løysingar og fungerer både som praktisk rettleiing og som juridisk referanse i mange land, mellom anna gjennom EU-direktiv og i norsk lovgjeving.
Retningslinene er utvikla av World Wide Web Consortium (W3C) gjennom arbeidsgruppa Web Accessibility Initiative (WAI), som sidan slutten av 1990-åra har hatt som mål å gjere internett universelt tilgjengeleg. I tillegg til WCAG har WAI òg utarbeidd retningslinjer for programvare (ATAG) og nettlesarar (UAAG), men desse har fått langt mindre utbreiing.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.