Valdres er det vestlegaste av dalføra i Innlandet fylke. Valdres omfattar storparten av Begnavassdragets nedslagsfelt ovanfor Sperillen og den øvre delen av Etnas dalføre med omliggande fjelltrakter, herunder høgfjellet rundt Vinstre, Bygdin og Tyin i søre delen av Jotunheimen.
Faktaboks
- Etymologi
-
‘faret, veien over/langsmed vollene’
Administrativt blir namnet brukt om det tidlegare Valdres fogderi, det vil seie dei seks kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Etnedal, Øystre Slidre, Vestre Slidre og Vang. Desse kommunane har eit areal på 5406 km² og huser 17 819 innbyggarar (2024). Folketalet gjekk tilbake med 0,8 prosent i tiårsbolken 2015–2024 mot ein auke på 2,2 prosent i heile fylket.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.