Trine er eit kvinnenamn som er kortform av mellom anna Katrine.
Trine (kvinnenamn)
Personar med namnet Trine
Kulturell bruk
- Trine-trilogien (1958–1960) av Berit Brænne.
Kjende personar med namnet Trine
Eit utval personar med namnet Trine, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Trine Dehli Cleve (1960)
- Trine Folmoe (1964)
- Trine Haltvik (1965)
- Trine Hattestad (1966)
- Trine Wiggen (1968)
- Trine Eilertsen (1969)
- Trine Jøranli Eskedal (1969)
- Trine Skei Grande (1969)
- Trine Stenberg Tviberg (1969)
- Trine Dyrholm (1972)
- Trine Lise Nedreaas (1972)
- Trine Rønning
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
På 1800-talet var kortformer på -ina, til dømes Mina og Lina, klart meir brukt enn parallellformene på -ine (Mine, Line), sjølv om desse kortformene på -ina var laga til dei dominerande fullformene på -ine, til dømes Karoline og Wilhelmine. Her er Trine eit unntak, for både på 1800-talet og seinare har denne forma vore mest brukt. Forma Trina er uvanleg.
Utvikling i bruk av namnet Trine frå 1800
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Geografisk variasjon på 1800-talet
Trine var mest brukt i Buskerud, Vestfold og Vest-Agder.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Trine på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Trine var mest brukt i Buskerud, Vestfold og Vest-Agder. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thrine.)
Historisk bruk av namnet Trine
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.