Tone er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne av Þor-ný der forleddet er gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘ny’.
Tone (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Tone
Eit utval personar med namnet Tone, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Tone Thiis Schjetne (1928)
- Tone Vigeland (1938)
- Tone Danielsen (1946)
- Tone Ringen (1946)
- Tone Hulbækmo (1957)
- Tone Kvernbekk (1960)
- Tone Tinnes (1961)
- Tone Hødnebø (1962)
- Tone Wille (1963)
- Tone Wilhelmsen Trøen (1966)
- Tone Allers (1972)
- Tone Damli (1988)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Dei fleste tostava namna som endar på -e, var mest brukte i perioden 1955–1999. I tillegg til Tone, med topp 1965–1969, gjeld dette til dømes Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Rikke, Silje, Tine, Stine, Tonje, Tove, Trude, Vilde og Wencke.
Utvikling i bruk av namnet Tone frå 1800
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Geografisk variasjon på 1800-talet
Tone var klart mest brukt i Telemark.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Tone på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Tone var klart mest brukt i Telemark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thone.)
Historisk bruk av namnet Tone
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.