Tinnosbanen er ein delvis nedlagd jernbane i Notodden kommune mellom Hjuksebø på Sørlandsbanen og Tinnoset i sørenden av Tinnsjå. I dag er berre strekninga Hjuksebø–Notodden trafikkert. Denne strekninga er i dag rekna som ein del av Bratsbergbanen. Banen har normalspor og elektrisk drift. Den er frå Hjuksebø til Tinnoset 39 km lang, og av desse er 9,5 km (Hjuksebø–Notodden) i ordinær drift med persontrafikk. Vy er operatør på strekninga. Tinnosbanen er freda og inngår i Rjukan–Notodden industriarv.
Tinnosbanen
Historie
Banen vart bygd av Norsk Hydro som ein del av transportlina frå fabrikkane på Rjukan til eksporthamna i Porsgrunn og fabrikkane på Herøya. I denne transportlina inngjekk opphavleg Rjukanbanen til Mæl, jernbaneferje over Tinnsjå til Tinnoset og båttransport frå Notodden gjennom Skien–Norsjøkanalen til Porsgrunn.
Strekninga Tinnoset–Notodden opna i 1909. I 1917 vart banen bygd vidare til Hjuksebø, samtidig som Bratsbergbanen vidare til Skien stod ferdig. Tinnoset–Notodden blei elektrifisert alt i 1911, mens Bratsbergbanen fekk elektrisk drift først i 1936. Norsk Hydro hadde eigarinteresser i banen fram til 1955, da heile strekninga Tinnoset–Skien blei ein rein statsbane under NSB.
Norsk Hydro la ned kunstgjødselproduksjonen på Rjukan i 1991. Samtidig vart Rjukanbanen, jernbaneferjene på Tinnsjå og strekninga Tinnoset-Notodden nedlagt. Seinare har det til tider vore køyrt tømmertog opp til Gransherad, og ei venneforeining har hatt turar med veterantog på Tinnosbanen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.