Siri er eit kvinnenamn som har fått lydlege endringar frå det opphavlege Sigrid: Både [g] og [d] har falle bort.
Siri (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Siri
Eit utval personar med namnet Siri, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Siri von Essen (1850)
- Siri Frost Sterri (1944)
- Siri Ellen Sletner (1953)
- Siri Hustvedt (1955)
- Siri Beate Hatlen (1957)
- Siri Sunde (1958)
- Siri Bjerke (1958)
- Siri Beate Barry (1961)
- Siri Dokken (1966)
- Siri Broch Johansen (1967)
- Siri Martinsen (1973)
- Siri Nilsen (1985)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Sigrid var mykje brukt tidleg på 1800-talet og gjekk nedover fram til 1860-åra då det fekk ein kurveprofil som liknar på renessansenamna. Forma Siri av Sigrid er utvikla etter norrøn tid, og slike former har ofte gått tilbake utover 1800-talet etter eit høgt nivå tidleg på 1800-talet. Men Siri fekk – i motsetning til for eksempel Guri (av Guðríðr) – eit oppsving på 1900-talet og ein ny topp i perioden 1975–1989. Dette var samtidig med Sigrid.
Utvikling i bruk av namnet Siri frå 1800
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Geografisk variasjon på 1800-talet
Siri var mest brukt i Agder, Rogaland og Hordaland.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Siri på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Historisk bruk av namnet Siri
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.