Serine er eit kvinnenamn som – eventuelt via Sevrine – går tilbake til Severine som er avleidd av mannsnamnet Severin (med tydinga ‘streng’).
Serine (kvinnenamn)
Namnestatistikk
I 2022 var det 411 kvinner i Noreg som hadde Serine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 6 jenter som fekk namnet Serine.
Av dei som heitte Serine i perioden 1900–2017, var det 70 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Serine. Dette inneber at 30 prosent hadde Serine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Utvikling i bruk av namnet Serine frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Geografisk variasjon på 1800-talet
Serine var – til liks med Serina – mest brukt i Rogaland.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Serine på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Serine var – til liks med Serina – mest brukt i Rogaland.
Historisk bruk av namnet Serine
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.