Begge dei to første romanane har tilknytingspunkt til Renkesmed (Fingersmith, 2002). I denne romanen utspelar òg handlinga seg i Victoriatida, og også her gir Waters eit nyansert bilde av både dei fiktive personane og London på 1800-talet.
I romanen har «Gentleman» Rivers ein utspekulert plan om å forføre ei rik kvinne, Maud Lilly, og skaffe seg tilgang til den store arven hennar. Han får hjelp av Sue Trinder, ei foreldrelaus jente som veks opp i ein fattig familie som livnærer seg av tjuveri. Sue, som er førstepersonsforteljar i del 1, er sjølvstendig, intelligent og sensitiv person, og ho går med på planen for å kunne hjelpe familien som har adoptert henne, og dessutan for å bli rik sjølv. Det oppstår komplikasjonar når Sue flytter inn i det store, gotisk inspirerte huset til Maud og blir kjend med henne. Dei to vert tiltrekte av kvarandre både fysisk og på andre måtar, og forholdet deira får uante konskevensar for utviklinga av historia.
I del 2 overtar Maud som førstepersonsforteljar. Ho fortel at «Gentleman» har oppsøkt henne og involvert henne i ein plan som vil hjelpe henne, men skade Sue. Plottet blir ytterlegare komplisert ved at Maud forelskar seg i Sue. I del 3 fortel Sue igjen frå sitt perspektiv. Både Sue og Maud er effektive narrative instrument for Waters i utforminga av ei spennande forteljing med erotiske, pornografiske og valdelege innslag. Romanen handlar likevel ikkje berre om erotikk og lesbisk kjærleik; den dramatiserer også den utsette og underordna posisjonen Sue og Maud har i det kvinneundertrykkjande viktorianske samfunnet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.