Olaug er eit kvinnenamn som opphavleg er ein skriftvariant av Olov. Det er altså ikkje det mykje brukte etterleddet -laug (med tydinga ‘lovd til’) som ligg føre her. Derimot går -laug i Olaug tilbake til -lov som tyder ‘arving, etterkommar’.
Olaug (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Olaug
Eit utval personar med namnet Olaug, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Olaug Løken (1854)
- Else Mundal (1944)
- Olaug Svarva (1957)
- Olaug Bollestad (1961)
- Olaug Nilssen (1977)
Namnestatistikk
I 2022 var det 2 385 kvinner i Noreg som hadde Olaug som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Olaug som var mest brukt i perioden 1925–1929.
Utvikling i bruk av namnet Olaug frå 1800
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Geografisk variasjon på 1800-talet
Olaug var mest brukt i Trøndelag.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Olaug på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Olaug var mest brukt i Trøndelag. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Oloug.)
Historisk bruk av namnet Olaug
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer 1988: [Olaug. Namn og Nemne 5].
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.