Nord-Sel kyrkje med statuen av Kristin Lavransdatter.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Nord-Sel er eit sokn i Sel kommune i Innlandet. Bygda utgjer den nordre delen av kommunen. Nord-Sel strekker seg langs Gudbrandsdalslågen frå dei flate Selsmyrene i sør til den tronge dalklypa Rosten i nord med fjellområda på begge sider av dalen.

E6 går gjennom Nord-Sel på austsida av elva, Dovrebanen på vestsida av dalen. Omkring den nedlagde Sel stasjon ligg eit bustadfelt med snautt 200 innbyggarar. Opp frå dalen på austsida ligg setergrenda Høvringen, i dag dominert av turistanlegg og hyttefelt.

Historie og kultur

Nord-Sel kyrkje er ei langkyrkje i tre, bygd i 1932. Framfor kyrkja står Kari Rolfsens statue av Kristin Lavransdatter. Ein meiner at den gamle storgarden Romundgard like ved kyrkja har vore eit førebilete for romanens Jørundgård. Til innspelinga av Liv Ullmanns filmatisering av romanen i 1995 vart det oppført ein kulisse av Jørundgård i nærleiken. Husa er tatt vare på, og blir i dag drive kommersielt som Jørundgard Middelaldersenter.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg