Mount McKinley, også kalt Denali, er eit fjell i delstaten Alaska i USA. Fjellet ligg rundt 210 kilometer nord-nordvest for Anchorage, og er det høgaste fjellet i Nord-Amerika, med ei høgd på 6190 meter over havet. Fjellet har vore kulturelt viktig for urfolk i området, særleg koyukon-athabaskarane.
Fjellet dominerer landskapet i det sentrale Alaska og har ein usedvanleg stor høgdeskilnad mellom fot og topp, noko som gjer det til eitt av dei mest topografisk markante fjella i verda. Området vart verna som nasjonalpark i 1917; i dag heiter parken Denali National Park and Preserve.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.