Mildrid er eit kvinnenamn som finst på 1300-talet i den norrøne forma Mildríðr. Det er truleg innlånt frå gammalengelsk Mild-thryth. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘mild’ og etterleddet ‘makt’.
Mildrid (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Mildrid
Eksempel på ein person med namnet Mildrid som er omtalt i Store norske leksikon:
- Liv Mildrid Gjernes (1954)
Namnestatistikk
I 2022 var det 564 kvinner i Noreg som hadde Mildrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Mens hovudtyngda av dei engelske kvinnenamna var mest populære 1915–1924, vart Mildrid mest brukt litt seinare, i 1930-åra.
Utvikling i bruk av namnet Mildrid frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Geografisk variasjon på 1800-talet
Mildrid var klart mest brukt i Møre og Romsdal .
Geografisk variasjon i bruk av namnet Mildrid på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Mildrid var klart mest brukt i Møre og Romsdal (Romsdal og Nordmøre). (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Mildri.)
Historisk bruk av namnet Mildrid
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.