Malvin er eit mannsnamn som kan vere samansett av Mal- frå til dømes Malene og -vin frå til dømes Edvin. Malvin kan også vere avleidd av kvinnenamnet Malvina.
Malvin (mannsnamn)
Fyrste namneberar
Den fyrste som vart registrert med namnet, var styrmann Malvin C. B. Frøken fødd 1839 i Bergen.
Namnestatistikk
I 2022 var det 504 menn i Noreg som hadde Malvin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 15 gutar som fekk namnet Malvin.
Utvikling i bruk av namnet
Malvin har ein kurveprofil som liknar på Edvin – med same ending -vin. Begge hadde ein topp rundt år 1900, og dei fekk eit nytt oppsving rundt år 2000.
Utvikling i bruk av namnet Malvin frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Geografisk variasjon på 1800-talet
Malvin var klart mest brukt i Bergen.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Malvin på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Malvin var klart mest brukt i Bergen.
Historisk bruk av namnet Malvin
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.