Lone er eit kvinnenamn som er dansk kortform av Abelone og Magdelone.
Lone (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Lone
Eit utval personar med namnet Lone, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Lone Hertz (1939)
- Lone Dybkjær (1940)
- Lone Scherfig (1959)
- Lone Hørslev (1974)
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 509 kvinner i Noreg som hadde Lone som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 17 jenter som fekk namnet Lone.
Utvikling i bruk av namnet
Dei fleste tostava namna som endar på -e, var mest brukte i perioden 1955–1999, til dømes Bente, Tove, Wencke, Mette og Hilde. Lone hadde toppfasen sin 1995–2004, altså i etterkant av hovudperioden for denne namnetypen.
Utvikling i bruk av namnet Lone frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.