Line er eit kvinnenamn som er kortform av namn som endar på -line, til dømes Karoline og Pauline.
Line (kvinnenamn)
Personar med namnet Line
Kulturell bruk
- Romanen «Line» (1959) av Axel Jensen, filmatisert i 1961.
Kjende personar med namnet Line
Eit utval personar med namnet Line, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Line Baugstø (1961)
- Line Henriette Holten (1971)
- Line Verndal (1972)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Dei fleste kortformene på -ina var mest brukte i 1870-åra. I tillegg til Lina gjeld dette Dina, Gina og Mina. Alle desse fire namna fekk ein ny topp rundt år 2000. På 1800-talet var dei klart meir brukte enn parallellformene på -ine (Line, Mine og fleire), sjølv om til dømes Lina og Mina var laga til dei dominerande fullformene på -ine, til dømes Karoline og Wilhelmine. Mens Lina var på topp 1870–74, vart Line eit populært namn frå 1960-åra, og i 1975 var dette namnet nummer 9 på ranglista. Det er utan tvil romanen «Line» (1959) av Axel Jensen som ligg bak den bratte stigninga utover i 1960-åra. Boka vart filmatisert i 1961.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Line var klart mest brukt i Vestfold.
Line var klart mest brukt i Vestfold.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.