Katherine er eit kvinnenamn som lengst bak har opphav i det greske Aikaterine. Tydinga til namnet er usikker, men det vart tidleg sett i samband med gresk katharos som tyder ‘rein, kysk’.
Katherine (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Katherine
Eit utval personar med namnet Katherine, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Katherine Susannah Prichard (1884–1969)
- Katherine Mansfield (1888–1923)
- Katherine Anne Porter (1890–1980)
- Katherine Dunham (1910–2006)
- Katherine Johnson (1918–2020)
Namnestatistikk
I 2022 var det 247 kvinner i Noreg som hadde Katherine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Utvikling i bruk av namnet Katherine frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.