Jon Eikemo var ein norsk skodespelar som spelte i både teater og film. Han nådde eit stort publikum gjennom fleire einmannsførestillingar, ikkje minst med tekstane til Jakob Sande.
Jon Eikemo
Faktaboks
Jon Magne Eikemo
- Fødd
- 30. november 1939, Åsane, Bergen
- Død
- 11. juni 2025
- Virke
- Skodespelar
- Familie
-
Foreldre: Handelsmann Johannes Eikemo (1901–1977) og Malmfrid Breistein (1908–1973).
Gift 1) 1969 med Mimmi Nordby (født 1934), ekteskapet oppløyst 1980; 2) 1986 med Helene Sofie Rasmussen (16.8.1968–), ekteskapet oppløyst 1999.
Bakgrunn
Eikemo hadde slektsrøtene sine i Eksingedalen i Nordhordland. Som nummer tre i ein syskenflokk på fem voks han opp i eit fargerikt miljø på Breistein i Åsane utanfor Bergen. Faren dreiv landhandel, og på ein liten stad etter andre verdskrigen var det meir enn ei handelsbu. Butikken var òg ein sosial institusjon der praten, sladderen og dei gode historiene sat laust. Oppveksten skapte sansen for typar og karakteristiske trekk hos folk frå ulike klassar og miljø.
Jon Eikemo møtte mange som var sterkt prega av krigen, og det skapte eit ekte samfunnsengasjement. Han lærte òg å lese dikt av far sin.
Etter realskuleeksamen i 1957 dro Eikemo til Oslo for å byrje i Postverket, men gjøglartrongen tok overhand, og i 1958 kom han inn på Statens Teaterskole (no Teaterhøgskolen) ved fyrste forsøk. Han studerte òg to semester ved Royal Academy of Dramatic Art i London.
Teaterkarriere
Jon Eikemo debuterte som skodespelar på Riksteatret som Paul i Olav Duuns Medmenneske, og han var tilsett ved Riksteatret til 1963. I åra som følgde var han knytt til Fjernsynsteatret, Det Norske Teatret, Nationaltheatret, Den Nationale Scene og Oslo Nye Teater. Frå 1978 var han fast knytt til Det Norske Teatret, som han både språkleg og gjennom slekt kjente ei naturleg tilknyting til. På morssida var Jon Eikemo i slekt med skodespelarane Rasmus og Olai Breistein, som begge var engasjerte ved nynorskscena frå starten i 1913.
Eikemo var ein karakterskodespelar med eit sterkt personleg uttrykk – både språkleg og fysisk. Det viste han i tittelrollene i Peer Gynt (1969) og Georg Büchners Woyzeck (1975) på Den Nationale Scene. Elles stod Bertolt Brecht sentralt i karrieren. Hans verfremdungsteknikk og politiske opprør forløyste nye sider hos Eikemo. Det byrja med tittelrolla i Schweyk i annen verdenskrig på Den Nationale Scene i 1972, med Wolfgang Pintzka frå Berliner Ensemble som instruktør.
Dette samarbeidet heldt fram på Det Norske Teatret i 1987 med drukkenbolten Puntila i Herr Puntila og drengen hans Matti. Året før spelte Eikemo Feltkokken i Mor Courage, sett i scene av Brecht-eleven Peter Palitzsch. I 1978 hadde han den finske Brechteksperten Ralf Långbacka som instruktør då han tolka Pierpont Mauler i Heilage Johanna frå slaktehusa. Seks år seinare spelte han pave Urban VIII i Galileis liv i Stein Winges regi.
På Det Norske Teatret framstilte Eikemo ei rekkje sentrale klassiske roller: Hjalmar Ekdal i Henrik Ibsens Vildanden (1981), Narren i William Shakespeares Kong Lear (1983), tittelrolla i Goethes Faust (1985), Oronte i Misantropen (1997) og Arnolphe i Hustruskolen (1998) av Molière og Ludvig Holbergs Jeppe (1999). Han spela Gerhardsen i Frode Gryttens Bikubesong (2003 og 2013) og onkel i Lærde damer av Molière (2007).
Gjøglaren
Som folkeleg gjøglar markerte Eikemo seg frodig i Alf Prøysen-kabaretane Når groværet kjæm (1980) og Nå seile vi på Mjøsa (1989), som Roy i musikkspelversjonen av Trost i taklampa (1984), Nils i Brørne Østermanns huskors (1992) og i monologen Absalon Holmarøy og kvinnene hans av Ingvar Moe (1994). Eikemo samarbeidde med vestlandsdramatikaren Norvald Tveit i fleire samanhengar: I 1983 regisserte han komedien Vi som elskar mor på Det Norske Teatret, og han spelte småbrukaren Lars Bøvik både i musikkspelversjonen av Splint og i folkekomedien på fleire scener. I fleire av desse stykka og som revyskodespelar på ABC-teatret og Chat Noir fekk Eikemo syne det komiske talentet sitt.
Film og TV
Eikemo debuterte som filmskodespelar i De ukjentes marked (1968). Sidan spela han i ei rekkje filmar, mellom anna i Sverre Udnæs-filmatiseringa Øyeblikket (1977), familiefilmane Mormor og de åtte ungene i byen (1977), Mormor og de åtte ungene i skogen (1979) og Folk og røvere i Kardemomme by (1988), Orions belte (1985), Karachi (1989) og Forfall (2002).
Han hadde òg markerte roller i fleire TV-produksjonar, til dømes tittelrolla i Kong Sverre (1978), Adolf Lindström i Kappløpet mot Sydpolen (1985), Albert Hagelin i Vidkun Quisling. Et liv – en rettssak (1988) og Wilhelm Frimann Koren Christie i 1814 (1989).
Jakob Sande
Jon Eikemo var ein høgt skatta formidlar av diktaren Jakob Sande. I 1979 fekk han Spellemannprisen for plata Jon Eikemo leser Jakob Sande (Grappa Musikkforlag). I 1991 hadde han premiere på teaterframsyninga Jakob Sande & Jon Eikemo ... trur eg ... under Festspillene i Bergen, sidan var framsyninga på turné med Riksteatret før ho enda opp på Det Norske Teatret og blei ein av dei største suksessane til teatret gjennom tidene. Framsyninga vart òg filma og sendt i Fjernsynsteatret. For Jakob Sande og Jon Eikemo ... trur eg ... fekk Eikemo Kritikerprisen.
Anna virke
Jon Eikemo var samfunnsinteressert og engasjerte seg i ulike samanhengar i arbeidet for miljø, rettferd og fred. I samband med EU-striden i 1994 var han aktivt med på nei-sida. Ved stortingsvalet i 2009 var han ført opp på lista til Senterpartiet i Oslo.
Som fritidsbonde dreiv han slektsgarden i Eksingedalen. Han var æresmedlem i World Wild Life, og han hadde sete i Norsk språkråd frå 1984 til 1987.
Jon Eikemo mottok ei rekkje prisar, mellom anna Norsk Teaterleder-Forenings pris (1988), Kritikarprisen (1991/1992), Norsk kulturråds ærespris (2007) og Medaas-prisen (2015).
Utgjevingar
- Jakob Sande, LP, 1979
- For open scene, 1985
- Jakob Sande og Jon Eikemo, trur eg ..., Det Norske Teatret 1991
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Brodal, Svein Erik: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2), bind 2, 2000
- Det Norske Teatret 75 år, 1988
- Olden, Asgeir: Jon Eikemo ... trur eg, 1992
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.