Hringvegur på Aust-Island.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Hringvegur er hovudvegen på Island. Vegen går rundt heile øya og bind saman dei fleste byar og tettstader på øya.

Faktaboks

Uttale

hring-vegur

Også kjend som

Þjóðvegur, ringveien

rute 1; riksveg 1

Vegen er 1332 kilometer lang og stod ferdig i 1974. Ringvegen er populær blant turistar som ønsker å sjå heile Island. Også mellom islendingar er det å «køyre ringen» ein vanleg form for ferie.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg