I kommunen er det uvanleg mange svært gamle og freda bygg. På Frøland ved Sauland står eit loft frå seinmellomalderen, og i Ytre Hjartdal finst gamle hus på gardar som Løksli, Haugan og Øverbø. På Øvre Åbø i Hjartdal og Søndre Bøen i Tuddal finst loft frå 1200-talet. Hjartdal kyrkje frå 1809 har preikestolalter og galleri med rike utskjeringar. Risvolloftet på Holm nær kyrkja er freda og datert til 1471. Sauland stavkyrkje vart rive i 1860, men portalen er utstilt på Kulturhistorisk museum i Oslo.
Tuddal bygdetun omfattar 15 gamle hus frå bygda, og er eit av dei mest komplette bygdetuna i Telemark. I museumsbygget er det ulike utstillingar om sommaren. I sentrum av Tuddal finst Buen Kulturverkstad, Tuddal Amfi og Tonehall, som blir drive av Knut Buen. Det evangelisk-lutherske kyrkjesamfunnet driv leirstaden Bondal Fjellstue. Bondal Bygdetun på Suigard er ei samling eldre bygningar i dagleg bruk og med tilhøyrande museumsbygning.
Hjartdal Nordbygd (med Ambjørndalen) vart saman med Svartdal i Seljord peika ut som heilskaplege kulturlandskapsområde i 1994. Hjartdal fekk den første nasjonale kulturlandskapsprisen i 2007, og garden Sud-Åbø midt i Hjartdal er ført opp på lista over utvalde kulturlandskap i landbruket saman med 31 andre område (2017).
Presten Magnus Brostrup Landstad gjorde balladar og folkeminne frå Hjartdal kjent, og målarar som Adolph Tidemand, Hans Gude, Harald Kihle og Henrik Sørensen var fleire gonger på vitjing i Hjartdal.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.