History Today er eit engelskspråkleg populærhistorisk tidsskrift gjeve ut i London med eitt nummer kvar månad sidan januar 1951. Tidsskriftet siktar mot å publisera artiklar, intervju og bokmeldingar om alle historiske periodar og geografiske regionar. Innhaldet ligg innanfor eit breitt mangfald av historiefelt.
History Today siktar mot å popularisera historievitskapleg forsking, og tidsskriftet marknadsfører seg som det leiande populærhistoriske tidsskriftet i verda.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.