Høgskulen i Volda er ein statleg høgskule med campus i Volda kommune i Møre og Romsdal. Høgskulen tilbyr bachelor-, master-, og etter- og vidareutdanning innan lærarutdanning, mediefag, samfunnsfag, historie, humanistiske fag og kulturfag.
Høgskulen har røter tilbake til 1861, og er i dag særleg kjent for medie- og lærarutdanning. Samtidig som høgskulen jobbar regionalt, satsar han òg på å vere ein nasjonal og internasjonal aktør. Høgskulen i Volda speler ei viktig rolle som utdannings- og kulturinstitusjon på Nord-Vestlandet, og tek eit særleg ansvar for å bevare og utvikle nynorsk språk og skriftkultur.
Kommentarar (2)
skreiv Johannes Bjerketvedt Østby
Hvorfor brukes navnet "Høgskulen i Volda" og ikke "Høgskolen i Volda" når resten av artikkelen er på bokmål? Hvis man forholder seg til Språkrådets føringer (https://sprakradet.no/stedsnavn-og-navn-pa-statsorgan/navn-pa-statsorgan/) blir det riktig å bruke Høgskolen i Volda på bokmål som denne artikkelen er. Eller så burde resten av artikkelen også være på nynorsk.
svarte Erik Bolstad
Godt poeng! No er artikkelen omsett.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.