Gjertrud er eit opphavleg tysk kvinnenamn: Ger-trud. I dette toledda kvinnenamnet tyder forleddet ‘spyd’ og etterleddet ‘kraft’. Det finst alt i norrønt: Geirþrúðr.
Gjertrud (kvinnenamn)
Personar med namnet Gjertrud
Kulturell bruk
- Gjertrudsfuglen er eit katolsk legendeeventyr.
Kjende personar med namnet Gjertrud
Eksempel på ein person med namnet Gjertrud som er omtalt i Store norske leksikon:
- Gjertrud Jynge (1966)
Namnestatistikk
I 2022 var det 876 kvinner i Noreg som hadde Gjertrud som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Gjertrud skil seg ut frå andre tyske kvinnenamn ved at det har hatt ein jamn nedgang heilt sidan tidleg på 1800-talet.
Utvikling i bruk av namnet Gjertrud frå 1800
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Geografisk variasjon på 1800-talet
Gjertrud var mest brukt i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Gjertrud på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Gjertrud var mest brukt i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Jertrud,.)
Historisk bruk av namnet Gjertrud
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.