Faktaboks

Eva Kolstad

Eva Lundegaard Kolstad

Fødd
6. mai 1918, Halden
Død
26. mars 1999, Oslo
Virke
Politiker og kvinnesaksforkjemper
Familie

Foreldre: Lektor Christian Hartvig (1872–1932) og Otlu Lundegaard (1881–1942).

Gift 1942 med generalsekretær Ragnar Kolstad (22.5.1914–13.9.1998), sønn av landbruksskolestyrer og politiker Peder Ludvik Kolstad (1878–1932) og Ingrid Mathiesen (1879–1954).

Svigerinne til Henning Alsvik (1911–1995).

Eva Kolstad. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Eva Kolstad
Av /NTB ※.

Eva Kolstad til venstre og Helge Seip (truleg) til høgre, truleg tatt i Oslo i samband med stortingsvalet i 1957.

Av /Norsk Folkemuseum.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Eva Kolstad var ein norsk kvinnesakspioner og politikar for Venstre. Ho var ei drivkraft i likestillingspolitikken i store delar av 1900-talet og den første kvinna som vart vald til leiar av eit stortingsparti i Noreg. Fem år seinare vart ho landets og verdas første likestillingsombod. Ho sat i rådsstyret i Human-Etisk Forbund og var den fyrste kvinnelege talaren ved borgarleg konfirmasjon.

Kolstad stod for kvinnesak på eit liberalt, humanistisk grunnlag, kor like rettar uansett kjønn var det sentrale, og der skilnader mellom kjønna vart forklåra med kulturell og sosial påverking. Med dette kom ho i fundamental opposisjon til den husmorideologien som var framherskande i tida etter den andre verdskrigen. Det var eit hovudmål for Eva Kolstad som politikar og som leiar i Norsk Kvinnesaksforening at alle kvinner, gifte og ugifte, skulle ha høve til lønt arbeid.

Bakgrunn

Eva Kolstad var fødd i Halden i Østfold. Ho tok examen artium ved Oslo Handelsgymnasium i 1938 og eksamen som statsautorisert revisor i 1945.

Politikar

Alt som gymnasiast melde ho seg inn i Norsk Kvinnesaksforening og var leiar i foreininga frå 1956 til 1968. Samfunnsengasjementet tok henne til partiet Venstre. Hun var medlem av Oslo bystyre og formannskap i 1960–1975 og vararepresentant på Stortinget i 1958–1961 og 1965–1969. Ho var forbrukarminister i Lars Korvalds regjering i 1972–1973. Ho var partileiar i Venstre i 1974–1976. Ho var dimed den første kvinna som vart vald til leiar av eit stortingsparti i Noreg. Eitt år tidlegare hadde Berit Ås blitt den første kvinnelege partileiaren i Noreg.

Likestilling

Mot slutten av 1950-åra sette Eva Kolstad seg inn i den kritiske kjønnsrolleteorien som då vart utvikla av norske sosiologar. I ein artikkel frå 1959 skreiv ho:

«Moderne kvinnesak blir difor ein kamp mot dei fastgrodde, tradisjonsbundne oppfatningane av kva som er mannleg og kva som er kvinneleg. Det blir ein kamp for det frigjorde mennesket, det vil seie den frigjorde mannen og den frigjorde kvinna».

Med slike innlegg var ho med på å revitalisere debatten om kvinners og menns stilling i samfunnet. Kolstad meinte at retten til likestilling måtte sikrast gjennom lovverket. Same rett til utdanning og løn var blant kampsakene. I Norsk Kvinnesaksforening arbeidde ho for å få avvikla samskatten, frå 1921. Denne skatteordninga gjekk ut på at det var ektefellane si samla inntekt som var grunnlaget for skatt, noko som gjorde at det ikkje lønte seg for gifte kvinner å vere yrkesaktive. Som Venstre-politikar var ho med å fjerne samskatten i 1959.

Lik undervisning for gutar og jenter og rett for kvinner til å verte prest og politi var andre reformer Kolstad fekk igjennom, med likestillingslova i 1979 som krona på verket. Same året utnemnde Stortinget henne til det første likestillingsombodet i Noreg – og i verda. Ho var likestillingsombod i 1979–1988. I 1977–1978 var Eva Kolstad leiar i Likestillingsrådet. Ho sat i denne stillinga til ho gjekk av for aldersgrensa i 1988, og fekk ei lang rekkje diskrimineringssaker frami lyset.

Andre verv

Eva Kolstad var styremedlem i International Alliance of Women i fleire periodar mellom 1949 og 1976. IAW har konsultativ status i FN, og slik vart ho godt kjent med FNs arbeid. I 1969 vart ho vald til Noregs og Nordens representant i FNs kvinnekommisjon, der ho var med til og med 1975.

I 1970, 1972 og 1974 var ho nestleiaren til kommisjonen. Dette var i ein periode då ei ny kvinnerørsle blomstra opp og nye kvinnekrav reiste seg over heile verda. I kvinnekommisjonen var Eva Kolstad med på å førebu FNs kvinneår i 1975, den fyrste store verdskonferansen om likestilling i Mexico same år, kvinnetiåret frå 1976 til 1986 og FNs kvinnekonvensjon, som vart vedteken i 1979. Då den nye kvinnerørsla stod på høgdepunktet i 1975, var ho samtidig Noregs representant i FNs kvinnekommisjon og leier i det arbeidsutvalet som hadde den daglege styringa med det norske Kvinneåret.

Død

Eva Kolstad heldt fram med å vere aktiv i politikk og kvinnesak så å seie fram til ho døydde nær 81 år gammal. Etter hennar død fekk øvre del av Pløens gate i Oslo, der Venstres hus ligg, namnet Eva Kolstads gate.

Heider

Eva Kolstad fekk St. Hallvard-medaljen i 1976, vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1983 og var æresmedlem av Venstre og Norsk Kvinnesaksforening sin internasjonale organisasjon.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gunnar Bergby (red.): Underveis. Festskrift til Eva Kolstad. Oslo 1988
  • Helene Freilem Klingberg: «Den tålmodige optimist», i Ottar Grepstad og Jostein Nærbøvik (red.): Venstres hundre år. Oslo 1984
  • Eva Kolstad: «Ut av mørket – fram i lyset», i Kari Skjønsberg (red.): Hvor var kvinnene? Elleve kvinner om årene 1945–1960. Oslo 1979

Faktaboks

Eva Kolstad
Historisk befolkingsregister-ID
pa00000000326636

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg