Erling Gjone var ein norsk arkitekt. Han var lærar for fleire generasjonar arkitektar og ein av våre fremste antikvariske arbeidarar.
Erling Gjone
Faktaboks
- Fødd
- 8. mai 1898, Ytterøy (nå Levanger), Nord-Trøndelag
- Død
- 10. oktober 1990, Trondheim
- Virke
- Arkitekt
- Familie
-
Foreldre: Agent David Edvard Gjone (1871–1951) og Kristiane Øwre (1877–1970).
Ugift.
Bakgrunn
Foreldra flytte til Trondheim då Gjone var to år. Etter examen artium i 1916 gjekk han vidare til arkitekturlina på NTH. Der var det særleg professorane Andreas Bugge, Olaf Nordhagen og Johan Meyer han fekk impulsar frå. Han blei uteksaminert frå NTH i 1920. Etter fullført studium var Gjone assistent hjå arkitekt Ole Landmark i Bergen 1920–1924.
Fortids kunst i Norges bygder
Johan Meyer bad han koma til Trondheim som sin assistent, som mellom anna var arbeidde med å gi ut verket Fortids kunst i Norges bygder. Til då hadde han nådd til Numedal. Til band 2 og til banda frå Østerdalen og Sunndalen har Gjone levert ei rad oppmålingar av profane hus og innreiing, pålitande strekteikningar, normgjevande for ettertida, likeeins ei rad akvarellar. Meyer vart pensjonert i 1930 og overlet meir av arbeidet til Gjone. Arbeidet stogga då krigen kom i 1940, men stoffsamling frå Oppdal var då godt i gang.
Undervisning
Frå 1936 var Gjone dosent i eldre norsk byggekunst ved NTH. I røynda var emnekrinsen utvida til allmenn europeisk byggekunst. I 1949 vart utnemnd til professor i Byggekunst V, byggekunstens historie. Han la mykje arbeid i førelesingane, med kompendium, rikt illustrerte med eigne skisser og teikningar, som framleis er ei god kjelde. I ei tid der funksjonalismens idear vann rom og tida var mindre oppteken av å sjå attover, hadde studentane likevel respekt for Gjone og emnet hans.
Antikvarisk arbeid
Alt i 1926 fekk Gjone oppgåver med antikvarisk arbeid. Slike emne var han meir og mindre oppteken av så å seie levetida ut. Første oppgåva var å restaurere kyrkjeruinen på Sakshaug. Mellom anna fekk skipet nytt tak, og defekte murparti vart reparerte. Der det var naudsynt med nye bygningsdelar, passa Gjone på at det skulle gå tydeleg fram kva som var opphavleg og kva som seinare var sett til. Restaureringa av Trondenes kyrkje fylgde i 1945–1950. Skaun kyrkje arbeidde han med i 1947–1952, Oppdal kyrkje i 1951–1956 og Værnes kyrkje i 1959–1963.
Største arbeidet fekk han med Erkebispegården i Trondheim i 1962–1975. Bortkomne delar som det var eintydige spor etter, vart atterskapte. Nye krav til vestibyle med garderobe og ytre rom kravde særleg tilpassing til den gamle bygningen. Ein vanske var at arkeologiske granskingar gjekk for seg på same tid. Gjone vart dregen inn i fleire tilsvarande arbeid, som reparasjon av Munkeby klosterruin ved Levanger og borgruinen på Steinvikholm.
Gjone var medlem av tilsynskomiteen for restaurering av Nidarosdomen i 1947–1973.
Andre verdskrig
Då andre verdskrigen kom i 1940 ville Gjone slutta seg til norske styrkar. Etter mykje strev kom han til Hegra festning og var med der så lenge kampen vara. Han sat ein periode i tysk fangenskap etter dette. Som formann i trønderavdelinga av Fortidsminneforeningen fekk han seinare mykje å gjera med tyske styresmakter når tysk verksemd truga foreiningas eigedomar eller andre norske kulturverdiar. Gjone hadde òg andre og meir militære oppgåver, og sist i krigen var han sjef for Milorg i Trøndelag.
Å koma attende til fredelege sysler var ikkje lett. Fleire i arkitektavdelinga på NTH hadde falle frå, studentkulla vart ekstra store på grunn av avbrot som krigen hadde påført studentane. Det var færre som delte arbeidet med undervisning og administrasjon, og Gjone fekk lite fred til å få ut vitskapleg arbeid. Då han etter kvart fekk betre tid og planlagde arbeid kunne fullførast, svikta synet, og han vart for skjelven på handa til å fullføre arbeidet.
Utmerkingar
Erling Gjone vart riddar av St. Olavs Orden i 1961 og kommandør i 1973. Han hadde òg Deltakermedalja med rosett, den britiske King’s Medal for Courage og Urnesmedalja frå Fortidsminneforeningen. Han var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1942.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Stud. 1916, 1942, 1966
- O. Devik: N.T.H. femti år. Norges tekniske høgskoles virksomhet 1910–1960, 1960
- A. Berg, R. Calmeyer og H. Christie (red.): I Gjonelag med byggeskikken. Festskrift til Erling Gjone på 80-årsdagen 8. mai 1978, 1978
- H. Berthelsen (red.): Hvem er hvem i norsk kulturliv? 1987
- A. E. Holm: «Erling Gjone. Minnetale 14. okt. 1991», i DKNVS Forh., 1991, s. 69–76
- A. E. Holm: «Erling Gjone 1898–1990», i FMF Årbok1991, s. 11–12
- A. Berg: «Erling Gjone – antikvarisk arbeid og fortidsminneforeninga», i FMF Årbok 1991, s. 13–26
Faktaboks
- KulturNav-ID
- 92e5dac6-3330-4272-8781-571075694f62
- Historisk befolkingsregister-ID
- pf01036846004318
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.