Elvira er eit omdiskutert spansk kvinnenamn. Det kjem kanskje frå visigotisk Guil-vira, men det er usikkert kva desse ledda tyder.
Elvira (kvinnenamn)
Personar med namnet Elvira
Fyrste namneberar
Den fyrste som vart registrert med namnet, kan ha vore «syerske» Elvira Dahlbak fødd 1842 i Loppa (Finnmark), busett i Bodø i 1900.
Kulturell bruk
- Donna Elvira i Mozarts opera «Don Giovanni» (1787).
- Den tragiske skillingsvisa om kjærleiksforholdet mellom sirkusartisten Elvira Madigan og offiseren Sixten Sparre (1854–1889) ligg til grunn for den svenske filmen «Elvira Madigan» (1967). Her ligg det forresten føre ei slags kopling mellom Mozarts Elvira og Elvira i filmen i og med at pianokonsert nr. 21 av Mozart er den sentrale musikken i filmen.
Kjende personar med namnet Elvira
Eit utval personar med namnet Elvira, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Elvira Nabiullina (1963)
- Elvira Nikolaisen (1980)
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 206 kvinner i Noreg som hadde Elvira som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 55 jenter som fekk namnet Elvira.
Av dei som heitte Elvira i perioden 1900–2017, var det 74 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Elvira. Dette inneber at 26 prosent hadde Elvira som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Kvinnenamn med minst tre stavingar har oftast utanlandsk opphav. Dei som endar på -a, var lite brukte på 1800-talet og fram til midten av 1900-talet. Elvira og Aurora er blant dei namna som hadde stor framgang frå slutten av 1900-talet.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Elvira var mest brukt i Østfold og Kristiania.
Elvira var mest brukt i Østfold og Kristiania.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.