Faktaboks

Også kjend som

Lunde

Innbyggjartal
1565 (SSB, 2025)
Landareal
1,7 km²
Tettstadsnummer
3071 Bjervamoen
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY 2.0

Bjervamoen er ein tettstad i Nome kommune i Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,7 km², og har 1565 innbyggjarar (2025).

Bjervamoen ligg ved Telemarkskanalen og Sørlandsbanen, om lag 10 km vest for Ulefoss. Her låg kommunesenteret i tidlegare Lunde kommune. Sørlandsbanen kryssar Telemarkskanalen ved Bjervamoen.

Viktigaste næringsverksemder er i trevare- og verkstadsindustrien. Ei ruvande industriverksemd i Lunde var Bratsberg Teglverk, som vart etablert her i 1958. Teglverket vart lagt ned i 2014 og var da den siste produsenten av tegl i Noreg.

Nome videregående skole har ei avdeling i Lunde.

Kart

Bjervamoen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg