Berit er eit kvinnenamn som er ei norsk form av Birgitte med opphav i Brigida, ei latinisering av det keltiske Brigit laga til ordet «briganti» som tyder 'den opphøgde'.
Berit (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Berit
Eit utval personar med namnet Berit som er omtalt i Store norske leksikon:
- Berit Ås (1928–2024)
- Berit Nøkleby (1939–2018)
- Berit Mørdre (1940–2016)
- Berit Berthelsen (1944–2022)
- Berit Nesheim (1945–)
- Berit Reiss-Andersen (1954–)
- Berit Kjøll (1955–)
- Berit Aunli (1956–)
- Berit Svendsen (1963–)
- Berit Opheim (1967–)
Namnestatistikk
I 2022 var det 15 922 kvinner i Noreg som hadde Berit som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Berit var blant dei 20 mest brukte kvinnenamna.
Utvikling i bruk av namnet
Til liks med ein del andre namn som har fått ei justert nordisk form på grunn av eit helgennamn (Berit av Birgitta), hadde Berit sidan tidleg på 1800-talet ein gradvis tilbakegang utover i det hundreåret. Frå 1920-åra byrja Berit å stige bratt til ein topp rundt 1940. Kurveprofilen til Berit liknar den til Marit, og begge desse namna er justerte former av helgennamn (Marit av Margareta).
Geografisk variasjon på 1800-talet
Berit var mest brukt i Sør-Trøndelag og Finnmark.
Berit var mest brukt i Sør-Trøndelag og Finnmark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også éin eller fleire stavevariantar, til dømes Berith.)
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Stemshaug, Ola (2013): Norsk personnamnleksikon, tredje utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.