Askja er eit ringforma vulkankrater, ein kaldera, på Island. Vulkanen ligg i ein stor dal med krater i vulkanfjellrekka Dyngjufjöll i lavaørkenen Ódáðahraun, nord for Vatnajökull. Askja er populær som turistmål. Askja er blitt eit fellesnamn for kaldera i islandsk.
I krateret ligg innsjøen Öskjuvatn på 1050 meters høgde, med eit areal på 12 kvadratkilometer og 220 meter som største djup. Öskjuvatn er Islands djupaste innsjø.
Vulkanen hadde eit kraftig utbrot i 1875, da oskefallet dekte 5000 kvadratkilometer og oske blei bore med vinden heilt til Østersjøen. Kort tid etter utbrotet kollapsa vulkanen til eit ringforma krater som etter kvart fyltest med grunnvatn som danna innsjøen Öskjuvatn.
Askja har hatt fleire utbrot i førre hundreåret, mellom anna hausten 1961, da lava blei slynga nesten 400 meter til vêrs og lavastraumen i løpet av ei veke rann 12 kilometer.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.