Faktaboks

Andreas Aarflot
Fødd
1. juli 1928, Hunan, Kina
Virke
Teolog og kyrkjeleiar
Familie

Foreldre: Misjonsprest, seinare res.kap. Olav Aarflot (1902–1971) og Marie Knudsen (1900–1956).

Gift 1.9.1951 med Karna Margot Irene Jensen (28.2.1928–17.11.2015), datter av tollkontrollør Jensenius Jentoft Jensen (1886–1968) og Helene Kapstad (1900–1986).

Dattersons sonesons son av Sivert Aarflot (1759–1817); sonesons soneson av Berte Canutte Aarflot (1795–1859); systersons soneson av Rasmus Aarflot (1792–1845).

Andreas Aarflot var biskop i Oslo bispedøme frå 1978 til 1998.
Andreas Aarflot, fotografert på sin siste dag som biskop i Oslo, 31. juli 1998
Av /NTB.
Andreas Aarflot, portrettfoto fra 1976
Av /NTB.

Andreas Aarflot er ein norsk teolog og sentral kyrkjeleiar gjennom andre halvdelen av 1900-talet.

Aarflot forska og underviste i kyrkjehistorie ved Menighetsfakultetet frå 1960 til 1976. Han var biskop i Borg bispedøme frå 1976 til 1978 og deretter i Oslo til 1998. Gjennom to tiår frå 1979 til 1998 var han preses (leiar av bispemøtet) i Den norske kyrkja. Aarflot stod i spissen for det kyrkjelege reformarbeidet og sette preg på bispemøtet så vel som på kyrkja si rolle i samfunnet. Han tok også aktivt del i internasjonalt økumenisk arbeid.

Bakgrunn

Aarflot vart fødd som misjonærbarn i Kina, men av helsemessige årsaker flytta familien tidleg heim. Han tok examen artium på Grefsen høyere almenskole i 1946 og teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i 1951. Etter praktisk-teologisk eksamen i 1952 vart han tilsett som soldatprest av Indremisjons-selskapet. Frå 1956 til 1960 var han hjelpeprest og kallskapellanSlemmestad. Der fekk han med seg viktige inntrykk frå eit folkekyrkjeleg arbeidarmiljø.

Kyrkjehistorikar

I 15 år arbeidde Aarflot med kyrkjehistorie ved Menighetsfakultetet. Han vart adjunktstipendiat i 1960, fakultetslektor i 1968, dosent i 1970 og professor i 1976. Seinare var han professor II i kyrkjerett ved Høgskulen i Volda frå 1999 til 2002.

Aarflot har skrive mange bøker og artiklar om kyrkjehistoriske, kyrkjerettslege, økumeniske og aktuelle praktisk-kyrkjelege emne. Vitskapleg har han særleg arbeidd med norsk kristendomshistorie med tyngdepunkt i reformasjonstida, pietismen og norsk kyrkjeliv i andre halvdel av 1900-talet.

I 1970 disputerte Aarflot for den teologiske doktorgrad ved Universitetet i Oslo på ei avhandling om Hans Nielsen Hauges kristendomsforståing. Tidlegare hadde han gjeve ut ei brei framstilling av norsk kyrkjehistorie gjennom 1600-, 1700- og 1800-talet, og seinare kom ei kortare bok om kyrkja i Noreg gjennom 1000 år.

Aarflots grunnleggande kyrkjeforståing gjorde han greie for i boka Let the Church be the Church (1988), og ho kom eit par år seinare i utvida norsk utgåve. Sentralt står her synet på den lokale kristne forsamlinga som basis for kyrkja. Då han i 1998 gjekk av som biskop, gav Aarflot ut ei samling talar under tittelen En tro som bærer. Året etter kom Trossamfunn og folkekirke som oppsummerer trådar frå hans mange innspel i kyrkjeleg reformarbeid.

Teolog og kyrkjeleiar

Som redaktør i Luthersk Kirketidende i perioden 1962–1976 tok Aarflot eit oppgjer med "ellipsetanken" som såg Den norske kyrkja og lekmannsrørsla som to brennpunkt i både samarbeid og konkurranse med kvarandre. Han slo i staden til lyd for ei kyrkjeforståing med sentrum i forvaltninga av ord og sakrament i den lokale soknekyrkja. Med kyrkjelyden som kjerne arbeidde han for utbygging av kyrkjelege rådsorgan og dermed for ei gradvis lausriving frå statsapparatet.

Som ei drivande kraft for kyrkjelege reformer henta Aarflot impulsar internasjonalt med tanke på rettsgrunnlaget for ei ny kyrkjeordning. Gjennom eit halvt hundreår hevda han at også Den norske kyrkja er eit trussamfunn og ikkje statens religionsvesen.

Som biskop var Aarflot oppteken av det åndelege livet i sokna, av dei tilsette si forkynning og andre pastoral-teologiske spørsmål. Visjonane hans for tenesta kom til uttrykk mellom anna i årlege helsingstalar til prestane ved nyttårsmottakinga i Oslo bispegard. Dei talane kom samla i boka Arv og ansvar i 1998.

Sentrale posisjonar, fagleg dugleik, stor arbeidskapasitet og strategisk sans verka saman til at Aarflot sette tydeleg preg på Den norske kyrkja. Han sat i dei fleste viktige kommisjonar, råd og utval i kyrkja gjennom dei fire siste tiåra av 1900-talet. Med grundig førebuing, samarbeidsvilje og formuleringsevne fekk han ofte gjennomslag for eigne synspunkt.

Slik var det også i bispemøtet, der Aarflot var preses frå 1979 til 1998. I den rolla førte han mange uttalar og vedtak i pennen. Innverknaden hans kom mellom anna til syne i tilrettelegginga av forholdet mellom biskopane og dei kyrkjelege rådsorgana så vel som i utforminga av nye liturgiar for vigsling til teneste i kyrkja.

Internasjonalt og livslangt engasjement

Aarflot engasjerte seg internasjonalt og vann respekt i økumeniske fora. Han var eit aktivt medlem av eksekutivkomitéen i Det lutherske verdensforbund frå 1973 til 1990. Aarflot er æresdoktor ved St. Olaf College og Augustana College i USA, og i 1979 vart han utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.

Økumenisk viste Aarflot evne til å finne samlande uttrykk som kunne sameine synspunkt i sprikande debattar. Han var sentral i prosessen som førte fram til Porvoo-avtalen mellom lutherske kyrkjer i Norden og Baltikum og anglikanske kyrkjer i Storbritania.

Også gjennom eit kvart hundreår som pensjonist har Aarflot engasjert seg. Han har følgt nøye med i den kyrkjelege utviklinga, skrive mange lesarinnlegg og publisert fleire fagartiklar mellom anna om nyare kyrkjerett og om ansvar og leiing i Den norske kyrkja. I 2019 kom boka Varslingsklokken om tippoldemora Berte Kanutte Aarflot.

Utgjevingar

  • Norsk kirkehistorie, bind 2, 1967
  • Kirke og stat i Norge. Fra reformasjonen til våre dager, 1969
  • Tro og lydighet. Hans Nielsen Hauges kristendomsforståelse, doktoravhandling UiO, 1969
  • Hans Nielsen Hauge. Liv og budskap, 1971 (engelsk utgave Hans Nielsen Hauge. His Life and Message, Minneapolis 1979)
  • red. Kirke og stat i de nordiske land, 1971
  • red. Diakoni og kirke, 1976
  • Norsk kirke i tusen år, 1978
  • Let the Church be the Church. The Voice and Mission of the People of God, Minneapolis 1988 (norsk utgave La kirken være kirke, 1990)
  • Arv og ansvar, 1998
  • En tro som bærer. Taler ved høytidsstunder i nasjon og kirke, 1998
  • Trossamfunn og folkekirke, 1999
  • Varslingsklokken. Berte Kanutte Aarflot – bondekone og vekkerrøst, 2020

Avbildninger

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Austad, Torleiv: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2), bind 10, 2005
  • Gullaksen, P.-O.; Austad, T.; Fougner, E. og Skarsaune, O. (red.): Reform og embete. Festskrift til Andreas Aarflot på 65-årsdagen den 1. juli 1993, 1993
  • Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater, 2000

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg