Faktaboks

Amund Sigurdsson (Bolt)
Fødd
1400
Død
1450
Levetidskommentar
fødsels- og dødsår er omtrentlege; fødd før 1412, død før 1463, sist nemnd 1450
Virke
Opprørsleiar
Familie

Foreldre: Faren var Sigurd Berdorsson Bolt (død 1411–1412), moren ukjent.

Gift med Eline Eriksdatter (nevnt 1447).

Brorsønn av Agmund Berdorsson Bolt (ca. 1345–ca. 1419).

Amund Sigurdsson (Bolt) var ein norsk riddar, adelsmann og opprørsleiar. Han var sysselmann i Borgarsysla då han leidde eit opprør mot unionskongen Erik av Pommern i 1436–1437. Amund Sigurdssons opprør har vore ei sentral hending for forståinga av norsk politisk historie under Kalmarunionen. Somme historikarar har tolka det som eit norsk nasjonalt opprør, andre som eit sosialt opprør, andre igjen som eit lokalt eliteopprør.

Slekt og namn

Bolt-slekta frå Borgarsysla var ei godseigarslekt med viktige posisjonar i verdsleg og kyrkjeleg forvaltning. Amund Sigurdsson var son av Sigurd Berdorsson, som vart slått til riddar på unionsmøtet i Kalmar i 1397, og nevø av riksråd og høvedsmann på Akershus, Ogmund Berdorsson Bolt (død 1419).

Vi veit lite om Amund Sigurdssons liv utanom opprøret. Fyrste gong han blir treft i kjeldene er 1432. Ved dette høvet får vi vite at han er gift. Somme historikarar har meint at hustrua var Ingrid Torbjørnsdatter, systerdotter av oslobispen Eystein Aslaksson. Dette er likevel tilbakevist, og ein reknar med at Amund Sigurdsson kan ha vore gift med Eline Eriksdatter, som døydde ca. 1445. Seinare aveoppgjør synest å vise at paret ikkje fekk barn som overlevde dei sjølv.

Amund, som aldri kalla seg eller vart kalla «Bolt» i noko kjend kjelde, forsvinn frå kjeldene etter opprøret. Ein Amund Bolt som opptrer i kjeldene i 1447 og 1450, er truleg ein annan enn opprørsleiaren. Denne seinare Amund Bolt var imidlertid truleg i slekt med opprørsleiaren Amund Sigurdsson, då denne Amund Bolt var soneson til den same Ogmund Berdorsson Bolt som var onkel til Amund Sigurdsson.

Opprørsleiar

Amund Sigurdsson leidde i 1436–1437 ålmugen i Oslofjord-området (Vika) i eit opprør retta mot delar av politikken til Erik av Pommern. Bak opprøret låg det ei sterk misnøye hos bøndene mot skattar, som vart drivne inn med hard hand av utanlandske futar. Det vart hevda at dei braut med ei samfunnsordning som gjekk tilbake til Olav den heilage, og ei rekkje storbønder stilte seg bak opprøret.

Høgare adel, som Amund Sigurdsson var, støtta kraftig opp om opprøret. Adelsmennene var særleg misnøgde med at stadig fleire len og embetsstillingar vart gitt til tyskarar og danskar. Norske medlemmer av riksrådet var òg velvillige til fleire av krava, som samstundes styrkte deira stillingar. Som sysselmann hadde Amund gode samordnande evner, og han skal ha oppglødd mange til motstand.

Inspirasjon frå Sverige

Oppstanden var sannsynlegvis inspirert av Engelbrekt Engelbrektssons opprør i Sverige i åra 1434–1436, der bønder i Dalarna vart mobiliserte til kamp mot Erik av Pommerns styre. I eit brev datert 10. mars 1436 kan Engelbrekt fortelje at eit opprør mot Erik er i full gong òg i Noreg.

Som førar for opprørshæren inngjekk Amund forbund med opprørspartiet i Sverige på Noregs rike sine vegner, som det heitte. Han kravde no at Noreg skulle få si eiga regjering og styrast av innanlandske menn, innanfor Kalmarunionen. Dei framande embetsmennene skulle jagast ut av landet.

Våpenstillstand

Forlik mellom dei norske opprørarane og riksrådet vart inngått på Jersø ved Tønsberg i juni 1436. Ein våpenstillstand skulle gjelde fram til oktober, då riksrådet og fem lagmenn skulle møtast i Oslo for å høyre klagene til ålmugen. Dette møtet kom ikkje i stand. Høvedsmannen på Akershus, Svarte Jøns Nilsson, som først hadde vore positiv, distanserte seg no frå opprøret.

Det ser ut til at Amund Sigurdsson og tilhengjarane hans, ein hær av lågadelmenn og bønder frå Romerike, Borgarsysla og nordlege Båhuslen, i denne situasjonen har okkupert bispegarden i Oslo. Dei vart likevel drivne ut herfrå og måtte kapitulere i desember 1436.

Forliksmøte

I februar 1437 kom det til eit forliksmøte mellom riksrådet og ålmugen på Austlandet. Her vart det gjort klart at ålmugen aldri meir skulle gjere opprør mot kongen, men vere Erik tru og lydig. Til gjengjeld skulle kongen ikkje tilsetje utanlandske øvrigheitsfolk i Noreg, verken geistlege eller verdslege. Unntaket gjaldt inngifta utlendingar, men desses makt skulle òg klippast ned. Ålmugen skulle heller ikkje plagast med tunge skattar. Landet skulle få eige drottsete, og riksseglet skulle vere i landet, noko som i sum ville bety å gjenreise ei norsk sentralregjering. Dette betydde ei sterk nedskjering av makta til kongen.

Amund Sigurdsson skulle vere fri for straff, men derimot få Færøyane i len, og dessutan eitt års leidang av fire skipreider i Østfold.

Kronologi

Kronologien i opprøret har vore omdiskutert. Det omstridde punktet er okkupasjonen av bispegarden i Oslo. At okkupasjonen fann stad seinhausten 1436 indikerer at Amund Sigurdsson handla ut frå ein trengd posisjon.

Ein alternativ hendingsgang var at opprøret starta vinteren 1436, at Amund Sigurdsson og mennene hans okkuperte bispegarden i Oslo våren 1436, forhandla med det norske riksrådet same sumar og styrkte avtalen vinteren 1437.

Årsakar til opprøret

Amund Sigurdssons opprør har vore ei sentral hending for forståinga av norsk politisk historie under Kalmarunionen. Hendingane i 1436, og opprøret i nedre Telemark året etter (leia av Hallvard Gråtopp) førte til at det norske riksrådet vart ein meir sentral politisk aktør i denne kritiske fasen av nordisk unionspolitikk. Med forliket i februar 1437 var det norske riksrådet politisk på line med riksråda i Sverige og Danmark.

Opprøret har vore omdiskutert og tolka på ulikt vis. Som historikarar har vilja sjå eit nasjonalt program i Amund Sigurdssons opprør. Kravet om å fjerne alle utlendingar frå norske embete har vore tolka i den retninga. På ei anna side gjekk det norske riksrådet ikkje med i opprøret, sjølv om det etter februarmøtet hevda ein del av dei synspunkta som var fremja av opprørarane. Dette har ført til at ein òg har lagt vekt på den sosiale karakteren til opprøret. Ein har peika på at opprøret kan tolkast som eit bondeopprør med brodd mot korrupte embetsmenn og høge skattar. Ei innvending mot dette er at dei av leiarane for opprøret vi kjenner til, i høg grad tilhøyrde dei øvre sosiale sjikta. Nyare forsking vil framheve motstanden mot statsmodernisering som eit sentralt element i opprøret. Moderniseringa skal ha redusert innverknaden til den lokale eliten.

Liv etter opprøret

Amund Sigurdssons lagnad etter 1437 er òg uklår. Fleire syn har vore fremja: eitt er at Amund Sigurdsson etter opprøret gradvis har blitt trekt inn i ein påstått svensk slektskrins og dens interesser. Dette føreset at Amund Sigurdssons mor vart gift med Peter Ulfsson (Roos) og at Amund Sigurdsson dimed var steson hans. Dette synet har vore hevda av fleire historikarar, men har blitt tilbakevist.

Eit anna syn er at Amund Sigurdsson døydde relativt kort tid etter opprøret. Med utgangspunkt i ei nordtysk krønike blir det hevda at Amund Sigurdsson vart teken av dage relativt kort tid etter fredsslutninga i februar 1437, og at høvedsmannen i Bergen, Olav Nilsson, skal ha vore involvert i drapet.

Ein tredje, og mest sannsynleg moglegheit, er at Amund Sigurdsson oppheldt seg på Færøyane som sysselmann, og returnerte til Noreg før ca. 1445. Etter 1450 forsvinn han ut av kjeldene, men ser ut til å vere død før 1463.

Felles for alle desse hypotesane er at kjeldematerialet er tynt. I nyare arbeid innskrenkar ein seg difor til å konstatere at vi ikkje veit noko om Amund Sigurdssons vidare lagnad.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Aldener, Gösta: «Bidrag till upprorsledaren Amund Sigurdsson Bolts historia» og «Kronologiska synspunkter på Amund Sigurdsson Bolts uppror», i Historisk tidsskrift, bind 34, 1946–1948, s. 179–190 og 407–422
  • Daae, Ludvig: «Bidrag til Norges Historie i Aarene 1434–1442», i Historisk tidsskrift, bind 4, 1877, s. 62–108
  • Daae, Ludvig: «Nye Studier til Oprørshøvdingen Amund Sigurdssons Historie», i Historisk tidsskrift, bind 11, 1890, s. 488–499
  • Hamre, Lars: Norsk historie frå omlag år 1400, 1968
  • Imsen, Steinar: «Oslofjorden som politisk og sosialt stormsentrum under Erik av Pommern», i Vestfoldminne 1997, Tønsberg 1997
  • Koht, Halvdan: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgave, bind 1, 1923
  • Njåstad, Magne: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave, bind 1, 1999
  • Njåstad, Magne: Norvegr, bind 2: 1400‒1840. Oslo 2011
  • Sollied, Henning: «Kildekritiske undersøkelser vedrørende nogen middelalderslekter», i Norsk Slektshistorisk Tidsskrift, bind 7, 1939
  • Storm, Gustav: «Om Amund Sigurdsson Bolt og Urolighederne i det Sydlige Norge 1436–38», i Historisk tidsskrift, bind 12, 1892, s. 101–140
  • Storm, Gustav: «Om Amund Sigurdsson Bolt i Sverige», i Historisk tidsskrift, bind 14, 1898, s. 395–396

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg