Edvard kjem av eit toledda engelsk mannsnamn: Ed-ward. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘rikdom’ og etterleddet ‘vaktar’.
Norrøn form av dette innlånte namnet var Játvarðr.
Namnet har fleire variantar: Edevard, Eduard, Edvar, Edvard, Edvardt, Edvart, Edward.
Namnedag er 18. mars. Aleksander og Sander har også namnedag denne dagen.
Kjende personar med namnet Edvard
Eit utval personar med namnet Edvard, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Edvard 4. (1442–1483)
- Edvard 6. (1537–1553)
- Edvard 7. (1841–1910)
- Edvard Grieg (1843–1907)
- Edvard Munch (1863–1944)
- Edvard Bull (den eldre) (1881–1932)
- Edvard Hoem (1949)
- Edvard Moser (1962)
- Edvard den eldre (–924)
- Edvard Bekjenneren (–1066)
Namnestatistikk
I 2022 var det 3 312 menn i Noreg som hadde Edvard som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 106 gutar som fekk namnet Edvard.
Utvikling i bruk av namnet
Edvard er blant dei engelske namna som har hatt to toppfasar. Den fyrste kom rundt år 1900 – og den siste etter 2010. Dette gjeld også Alfred, Arthur, Edgar, Edmund, Edvin og Henry.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Edvard var mest brukt i Nordland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Edward.)