Versj. 76
Denne versjonen ble publisert av Lars Mæhlum 25. mars 2024. Artikkelen endret 14 tegn fra forrige versjon.

Vinje er ein kommune i Telemark, lengst nordvest i fylket. Kommunen vart oppretta i 1964 ved samanslåing av dei tidlegare kommunane Vinje og Rauland. Vinje er den største kommunen i fylket i utstrekking, og grensar i vest til Agder, Rogaland og Vestland fylke.

Kommunen omfattar Kvennas, Songa/Tokkes og Vinjevassdragets dalføre med sidedalar og omliggande fjellområde. Fjelltraktene nord i kommunen utgjer Hardangerviddas søre del, som i alt utgjer to tredelar av kommunearealet. Ein stor del ligg i Hardangervidda nasjonalpark.

Berggrunnen er grunnfjell, vesentleg granittisk gneis og granitt. Vassdraga i kommunen, med stor vassføring og store høgdeskilnader, har gitt føresetnader for stor kraftutbygging. I dalane er det godt med skog.

Den ubygde delen av Møsvasstangen er eit viktig fuglefredingsområde, internasjonalt verna gjennom Ramsar-konvensjonen.

Folketalet auka svakt på 1900-talet fram til 1960 og heldt seg så stabilt til 1990-åra. Ein tilbakegang gjennom 1990-talet og 2000-talet er avløyst av vekst. I tiårsperioden 2015 til 2024 auka folkemengda med 4,4 prosent, mot 3,0 prosent i Telemark fylke.

Busetnaden følgjer i hovudsak Vinjevassdraget og Tokke, nordbreidda av Totak, ved Møsvatn og i Øyfjell heilt i søraust. Administrasjonssenteret Åmot ligg heilt søraust i kommunen.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det to tettstader i Vinje. Tettstadene er til saman 2,0 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Åmot ¹ 716 19 % 1,1 km²
Krossen  558 15 % 0,9 km²
Sum 1 274 34 % 2,0 km²

* Andelen av innbyggjarane i Vinje kommune som bur i tettstaden.

¹ Tettstaden Åmot omfattar delar av kommunane Vinje og Tokke. Den delen av tettstaden Åmot som ligg i Vinje kommune omfattar 99 % av folketalet og 99 % av arealet i tettstaden.

Jord- og skogbruk er framleis viktige næringar i Vinje, særleg i kombinasjon med gardsturisme, hytteutleige, jakt og fiske. Kommunen har stort saue- og geitehald, men storfe betyr òg mykje. Elles er et mest småindustri; noko verkstadindustri, næringsmiddelindustri, trevare- og møbelindustri. Kunsthandverk utgjer eit monaleg innslag, med mange heil- og deltidssysselsette.

Kommunen har stor turisme, med fleire hotell og turisthytter. Ved Edland ligg Haukelifjell Skisenter. Vinje er ein av landets største hyttekommunar med 5834 hytter og fritidsbustader (2024). Sidan 2006 har talet på hytter auka med 80 prosent.

Vinje er kommunen med tredje størst vasskraftproduksjon i Telemark, og er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei elleve vasskraftverka i kommunen produserer til saman 2038 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Vinje (i drift fra 1964), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Songa (1964) og Kjela (1979). Statkraft Energi er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.

Fleire viktige vegar går gjennom Vinje, mellom anna E134 (Frogn–Haugesund), det sentrale sambandet mellom Vest- og Austlandet sør for Hardangervidda. E134 følgjer Vinjeåas dalføre frå Åmot og nordvestover. Frå Haukeli tek riksveg 9 av til Kristiansand, frå Åmot tek fylkesveg 37 av nordover til Rauland–Rjukan og fylkesveg 38 sørover til Dalen–Vrådal.

Vinje høyrer til Sør-Øst politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet saman med Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord og Tokke.

Vinje kommune svarer til dei fire sokna Grunge, Rauland, Vinje/Nesland og Øyfjell i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Vinje til Øvre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

For statistiske formål er Vinje kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 24 grunnkrinsar:

  • Vinje: Nesland nedre, Mannås/Åbø, Hylland, Kostveit, Særensgrend, Bøgrend, Smørklepp, Grungedal, Edland, Haukelid, Vestheiane, Vågslid, Songa vest
  • Rauland: Øyfjell, Rorge, Austbø, Møsstrond, Nesland øvre, Hadland, Raulandsgrend, Arabygdi, Songa aust, Møsvatn vest, Møsvatn aust

Mange kjende kunstnarar, musikarar og forfattarar er fødde i Vinje eller har hatt sin heimstad her. Tarjei Vesaas' og Halldis Moren Vesaas' heim Midtbø er open for besøk. I Åmot sentrum står eit monument over Tarjei Vesaas av Tone Thiis Schjetne. Ved Vinje kyrkje ligg Vinjestoga, der Aasmund Olavsson Vinje voks opp. Vinjesenteret, nasjonalt senter for dikting og journalistikk, formidlar mellom anna forfattarane Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa, som òg var fødd i Rauland. Av nålevande forfattarar kan nemnast Stein Versto.

Folkemusikken har alltid stått sterkt i Vinje. Myllargutten Torgeir Augundsson levde dei siste åra av livet sitt i Rauland. Ifølgje tradisjonen var det ved Edland Myllarguten lærte felespel av fossegrimen. Tradisjonen etter Myllargutten vart ført vidare av mellom andre Haavard Gibøen og Eivind Mo, i seinare tid av mellom andre Tarjei Romtveit og Ottar Kåsa. Innanfor den vokale folkemusikken og visesongen kan nemnast Ingebjørg Bratland, Aslak Brekke, Sondre Bratland, Arve Moen Bergset og Odd Nordstoga.

Også innanfor rosemåling og treskjering har Vinje fostra mange kjende namn: Olav Olavson Skraddaren, Tor Sveinson Øykjelid, Sveinung Svalastoga, Halvor Teigen og i nyare tid Øystein Vesaas. Ei freda stove på Uppstoga er dekorert av den eldste bygdemålaren vi kjenner namnet på, Talleiv Halvorson Espetveit, ofte berre kalla «Talleiv målar». Rauland Kunstmuseum har mellom anna samlingar av bilethoggarane Dyre Vaa og Knut Skinnarland. Ved Grunge kyrkje står Dyre Vaas monument Kvinna med brødet. Vinje Biletgalleri har samlingar av kunstnarane Henrik Sørensen og Harald Kihle, som arbeidde mye i Vinje. Universitetet i Søraust-Noreg har ei avdeling i Rauland med studium mellom anna innanfor folkekunst og folkemusikk.

Møsstrond kyrkje er landets høgastliggjande kyrkje (950 meter over havet), og ligg på ei øy i det oppdemde Møsvatnet. Møsstrond har òg landets høgastliggjande gardsbruk (1000 meter over havet). Vinje kyrkje er frå 1796.

Kommunevåpenet (godkjent i 1990) har ein geitebukk i sølv mot ein blå bakgrunn. Dette symboliserer saue- og geitehald.

  • Berge, Rikard: Vinje og Rauland, 1940–75, 4 b.
  • Kostveit, Øystein: Kulturhistorisk vegbok for Vinje, Rauland, Haukeli, 1999
  • Kostveit, Øystein: Rauland i Telemark: ei fjellbygd mot Hardangerviddi, 1994
  • Sanden, Gunnar: Vest-Telemark boki, 2004
  • Vinje, Arne: Kult og kyrkje: soga om Vinje kyrkje og staden der ho stend, 1996