Versj. 16
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 634 tegn fra forrige versjon.

Edvard kjem av eit toledda engelsk mannsnamn: Ed-ward. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘rikdom’ og etterleddet ‘vaktar’.

Norrøn form av dette innlånte namnet var Játvarðr.

Namnet har fleire variantar: Edevard, Eduard, Edvar, Edvard, Edvardt, Edvart, Edward.

Namnedag er 18. mars. Aleksander og Sander har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Edvard, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 3 312 menn i Noreg som hadde Edvard som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 106 gutar som fekk namnet Edvard.

Edvard er blant dei engelske namna som har hatt to toppfasar. Den fyrste kom rundt år 1900 – og den siste etter 2010. Dette gjeld også Alfred, Arthur, Edgar, Edmund, Edvin og Henry.

Edvard var mest brukt i Nordland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Edward.)