Versj. 21
Denne versjonen ble publisert av Jonas Jensen 5. mai 2021. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Nynorsk er eit norsk skriftspråk som høyrer til dei vestnordiske språka i den germanske språkfamilien. Nynorsk og bokmål er dei to skriftspråksvariantane av norsk. Nynorsk blir nytta av om lag 600 000 personar i Noreg i dag. Det står sterkt i massemedium, i offentleg forvaltning og i kyrkja. Det har ein trygg posisjon i skuleverket, men er lite brukt i det private næringslivet.

Det nynorske skriftspråket byggjer på norsk folkemål, dei norske dialektane. Dei fleste norsktalande nyttar eit språksystem og eit ordtilfang som ligg nærmare nynorsk enn bokmål.

I offisiell norsk språkbruk har vi eitt norsk språk, som finst i to offisielle og jamstilte skriftlege variantar eller målformer – nynorsk og bokmål. Det finst ingen offisielle norske talemål; alle munnlege variantar kan nyttast i alle samanhengar.

I norsk målsoge er nynorsk også ei nemning for perioden etter ca. 1525, til skilnad fra norrønt/gammelnorsk (ca. 700 – ca. 1350) og mellomnorsk (ca. 1350 – ca. 1525).

Nynorsk er eit nordisk (eller nordgermansk) språk. Nordisk er ei grein av germansk, som er ei grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Det er vanleg å dele dei nordiske språka i to greiner, vestnordisk og austnordisk. Islandsk, færøysk, det utdøydde språket norn (som blei talt på Shetland, Orknøyane, Hebridane og i delar av det skotske fastlandet) og nynorsk er vestnordiske språk, medan svensk og dansk er austnordiske. Bokmål ligg på grensa mellom vestnordisk og austnordisk.

Ut frå korleis språka er innbyrdes forståelege, blir moderne nordisk òg delt i skandinavisk eller fastlandsnordisk (norsk, svensk og dansk) og øynordisk (islandsk og færøysk). Etter norrøn tid har norsk i stor grad følgt dei same utviklingslinjene som svensk og dansk – både i lydverk, grammatikk og ordtilfang.

Urnordisk oppstod då nordisk skilde lag med dei andre germanske språka i dei første hundreåra etter vår tidsrekning. Kring 700 delte urnordisk seg i norrønt (gamalvestnordisk) og gamalaustnordisk, men skilnadene var relativt små, og alt nordisk språk blei lenge kalla dǫnsk tunga ('dansk tunge'). Frå 700-talet til 1350 var norrønt språket i Noreg, frå 800-talet også på Færøyane og Island. På 1000-talet oppstod eit skilje mellom færøysk og norsk på den eine sida og islandsk på den andre.

I den mellomnorske tidbolken, frå 1350 til 1525, fekk skandinavisk store mengder lånord frå nedertysk, språket til hanseatane. Den mellomnorske bolken fall saman med Kalmarunionen (1389/1397–1521) mellom Danmark, Sverige og Noreg, med Danmark som dominerande part. Då trengde dansk bort norsk som skriftspråk. Stillinga til dansk skriftspråk blei endå sterkare etter reformasjonen i 1536.

Det norske språkstadiet etter 1525 blir kalla moderne norsk eller nynorsk. Gjennom arbeidet til Ivar Aasen blei norsk til eit skriftspråk att på 1800-talet, under namnet Landsmaal (det vil seie målet for heile landet), frå 1917 skrive landsmål, og sidan 1929 kalla nynorsk (i motsetnad til gamalnorsk).

Ivar Andreas Aasen var ein norsk språkforskar og diktar. Han samla inn og systematiserte dialektar og skapte landsmålet, og la såleis grunnlaget for det moderne nynorske skriftspråket. Han har blitt karakterisert som ein av dei største norske språkforskarane og er grunnleggjaren av norsk dialektologi.

Skriftspråket i Noreg var lenge dansk, men på 1830-talet starta ein debatt om behovet for eit eige norsk skriftspråk som del av den norske nasjonsbygginga og draumen om sjølvstende. Aasen formulerte i same tiåret ein visjon for korleis eit nytt norsk skriftspråk burde byggjast på overleverte heimlege dialektar.

I 1840-åra reiste Aasen rundt i Noreg og samla inn dialektar. Dei ulike dialektane systematiserte og samla han i bøker som Det norske Folkesprogs Grammatikk frå 1848 og Ordbog over det norske Folkesprog frå 1850.

Da som no var det stor skilnad mellom dialektane, og for å lage eit felles skriftspråk måtte han velje mellom ulike ord og former. Eit slikt arbeid blir kalla språknormering eller språkstandardisering. I normeringsarbeidet støtta han seg òg på det gamle norrøne skriftspråket. I 1853 la Aasen fram forslaget sitt til norm gjennom den vesle boka Prøver af Landsmaalet i Norge. I denne boka ligg det første tekstgrunnlaget for det nynorske skriftspråket.

Les meir om Ivar Aasen.

Gjennom eit stortingsvedtak 12. mai 1885 blei landsmålet – «det norske Folkesprog» – jamstilt med dansk – «vort almindelige Skrift- og Bogsprog», og i 1892 blei det tillate å nytte landsmålet i skulen.

I 1929 endra landsmål namn til nynorsk, og riksmål namn til bokmål.

Landsmål/nynorsk har vore igjennom ein lang språkplanleggingsprosess. Dei viktigaste endringane skjedde i 1901, 1910, 1917, 1938, 1959 og 2012.

Tabellen nedanfor viser korleis substantiva arm, gjest, skål, reim, vise, hus og auge skulle bøyast etter Norsk Grammatik (1864) av Ivar Aasen og etter rettskrivingsreglane i 1901, 1917, 1938 og 2012.

Før 1901 følgde dei som skreiv landsmål, i hovudsak rettskrivinga til Ivar Aasen, med ein del individuell variasjon. Med rettskrivinga i 1901 kom det eit skilje mellom hovudformer og sideformer. Sideformene står i parentes i tabellen nedanfor. Hovudformene skulle nyttast i lærebøker, men elevane kunne òg nytte sideformene. Systemet med sideformer blei avskaffa i 2012, då vi på fleire punkt fekk ei strammare norm.

Ubunden form eintal Bunden form eintal Ubunden form fleirtal Bunden form fleirtal
Arm Armen Armar Armarne
Gjest Gjesten Gjester Gjesterne
Skaal Skaali Skaaler Skaalerna
Reim Reimi Reimar Reimarna
Visa Visa Visor Visorna
Hus Huset Hus Husi
Auga Augat Augo Augo
Ubunden form eintal Bunden form eintal Ubunden form fleirtal Bunden form fleirtal
arm armen armar armarne (armane)
gjest gjesten gjester (gjestir) gjesterne (gjestine)
skaal skaali skaaler (skaalir) skaalerna (skaaline)
reim reimi reimar reimarna (reimane)
visa, vise visa visor (visur) visorna (visune)
hus huset hus husi
auga auga augo (augu) augo
Ubunden form eintal Bunden form eintal Ubunden form fleirtal Bunden form fleirtal
arm armen armar armane
gjest gjesten gjester gjestene
skål skåli skåler skålene
reim reimi reimar reimane
visa (vise) visa visor (viser) visone visene)
hus huset hus husi
auga auga augo augo
Ubunden form eintal Bunden form eintal Ubunden form fleirtal Bunden form fleirtal
arm armen armar armane
gjest gjesten gjester gjestene
skål skåla (skåli) skåler skålene
reim reima (reimi) reimar reimane
vise (visa) visa (visor) viser visene (visone)
hus huset hus husa (husi)
auga auga augo augo
auge auget auge auga
Ubunden form eintal Bunden form eintal Ubunden form fleirtal Bunden form fleirtal
arm armen armar armane
gjest gjesten gjester, gjestar gjestene, gjestane
skål skåla skåler skålene
reim reima reimar, reimer reimane, reimene
vise visa viser visene
hus huset hus husa
auga auga augo augo
auge auget auge auga

Det er ei viss usemje mellom nynorskbrukarar om revisjonane, og nett som ein del bokmålsbrukarar lenge nytta ei uoffisiell norm dei kallar riksmål, finst det uoffisielle nynorsknormer. Eit døme finn vi i Nynorsk ordliste. Tradisjonell og einskapleg norm (Oslo 2017), redigert av Arvid Langeland. Det finst òg ei høgnorskrørsle, som i hovudsak held seg til 1917-normalen.

Eit karakteristisk drag ved norsk er måten binding (skiljet mellom ubunden og bunden form) blir uttrykt på i ein nomenfrase. Sjå først på dei engelske nomenfrasane an old car ('ein gamal bil') og the old car ('den gamle bilen'), der berre artiklane an og the viser om frasen er ubunden eller bunden.

I dei tilsvarande danske frasane en gammel bil og den gamle bil er bindinga uttrykt ved både artiklar og adjektiv. På norsk uttrykkjer vi tre gonger at frasen er ubunden eller bunden: ein gamal bil, mot den gamle bilen. Her liknar norsk på svensk og færøysk, der det heiter høvesvis en gammal bil / den gamla bilen og ein gamal bilur / tann gamli bilurin. Islandsk vel ei anna løysing – adjektivet og substantivet viser binding, men det er ingen artiklar: gamall bíll / gamli bíllinn.

Ønskjer vi å ta med eigedomspronomenet min, set vi det på norsk etter den gamle bilen, slik at vi får den gamle bilen min. På dansk er ikkje den med, og min står først: min gamle bil. Her skil òg svensk lag med norsk og følgjer same mønster som dansk: min gamla bil. Færøysk liknar derimot norsk: tann gamli bilurin hjá mær, bokstavleg 'den gamle bilen hos meg'. Islandsk set òg eigedomspronomenet til etter ein vanleg bunden frase, og utan artikkel: gamli bíllinn minn.

Det nynorske skriftspråket og vanlig bokmål har tre grammatiske kjønnhankjønn, hokjønn og inkjekjønn – og skil seg frå konservativt bokmål og svensk og dansk skriftspråk, som berre har to grammatiske kjønn – felleskjønn og inkjekjønn – som vist i tabellen nedanfor, der bokmålR og bokmålM står for høvesvis radikalt og moderat bokmål.

Talet på grammatiske kjønn utgjer likevel ikkje noko klart skilje mellom dei fastlandsnordiske språka. I tradisjonelle svenske dialektar er det vanleg med tre kjønn, og dialektane på dei fleste danske øyane og austlege delar av Jylland har hatt tre kjønn inn i nyare tid. Fleire norske storbydialektar er på veg mot to kjønn.

Nedanfor er den nynorske setninga «Ho trudde at den feitaste av tjuvane sparka hôl i døra» skriven i feite typar og jamførd med svensk, landsmålet til Ivar Aasen utan stor forbokstav i substantiva, bokmål og dansk. Det står éi form i kvar rute, og mange ruter dekkjer fleire språk. Grå ruter viser former som samsvarer med offisiell nynorsk. Nynorsk og bokmål står på to linjer kvar. På linja med vanleg nynorsk står dei tillatne formene etter 2012-rettskrivinga. På linje med vanleg bokmål står dei meste brukte bokmålsformene. På linja Nynorsk tradisjonell og Bokmål radikal står høvesvis «tradisjonell nynorsk» (tillatne former før 2012) og «radikalt bokmål» (enno tillatne).

Med uttalen som er skildra i avsnittet «Uttale», læt setninga i tabellen over seg uttale slik med nynorsk leseuttale:

  • /hu 2trʉde ɑt den 2fæitɑste ɑːʋ 2çʉːʋɑne spɑrkɑ 1hɵːl i 1døːrɑ/

Dette skil seg lite frå tradisjonelle målføre – som desse døma viser:

  • Nissedal /hu 2trʉde ɑte dæn 2fæitɑste ɑ 2çuːʋɑne spɑrkɑ 1hɵːl i 1dyni/
  • Sandefjord /hu 2trʉde ɑte den 2fæitɑste ɑ 2çʉːʋɑne spɑrkɑ 1hoɽ i 1døːrɑ/
  • Tromsø /hu 2trʉdʲe ɑte denʲ 2feitɑste ɑ 2çyːʋɑn spɑrkɑ 1hol i 1døːrɑ/

Det er mange uttaleskilnader mellom nynorske målføre. I tabellen nedanfor er eit vanleg system i Vest-Telemark – mellom Austlandet og Vestlandet – oppført. Systemet har ti korte og ti lange vokalar. I tillegg finst ein del diftongar: ei /æi/, øy /øy/, au /ɵʉ/, oi /oy/, ai /ɑi/, ui /ʉy, uy/.

Vokalane /ɵ ɵː/ blir skrivne o og finst i ord som sove /2sɵːʋe/, kol /1kɵːl/ og golv /1ɡɵlʋ/, medan /o oː/ blir skrivne å og finst i låve /2loːʋe/, kål /1koːl/ og åtte /2ote/. Dei fleste dialektar har /o oː/ eller /ø øː/ i staden for /ɵ ɵː/, jamfør til dømes sove /2soːʋɑ/, kol /1køːɽ/ og golv /1ɡøɽʋ/ i Oslo eller sove /2soːʋe/, kol /1kol/ og golv /1ɡolʋ/ i mellom anna Kristiansand og Tromsø.

I mange nynorske grammatikkar er det sett opp eit heilt anna vokalsystem enn det vi har presentert her. Olav T. Beito set i Nynorsk grammatikk (Oslo 1986) opp dei 14 vokalane /í ì ý ỳ ú ù é è ø ó ò æ å a/, som alle finst i både kort og lang utgåve, og med varierande uttale i ulike dialektar. Vokalane med akutt aksent (´) er trongare enn dei med gravis aksent (`). Dei lange vokalane kan illustrerast med desse orda, i ortografisk form med aksentar på nokre vokalar: bíte (infinitiv), bìte (perfektum partisipp), brýte (infinitiv), nỳkel (substantiv), hús (substantiv), hùg (substantiv), lét (preteritum av late), lèt (presens av late), søt (adjektiv), fót (substantiv), skòt (substantiv), hær (substantiv), båt (substantiv) og dag (substantiv). Dette systemet går tilbake til Ivar Aasen, som vurderte å ha med gravis aksent i rettskrivinga, men forkasta ideen. I Norsk Ordbog (1873) kjem informasjonen likevel fram, til dømes ved at han skriv ii i parentes for í og i' i parentes for ì.

Språket skil mellom stavingar med og utan trykk. Stavingar med trykk kan vere aksentuerte eller uaksentuerte, og det finst to ulike aksentar, aksent 1 og aksent 2, som kan skilje ord frå kvarandre – jamfør vatnet /1ʋatne/ og vatne /2ʋatne/. I denne uttalevarianten er aksent 1 ein låg tone og aksent 2 ein fallande tone.

Viktige institusjonar for nynorsken er mellom anna Noregs Mållag, Norsk Målungdom, Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Nynorsk kultursentrum, Nynorsk Pressekontor, Universitetet i Bergen, Høgskulen i Volda og Høgskulen på Vestlandet. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) vart grunnlagt i 2005 og skal vera eit ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa.

  • Almenningen, Olaf m.fl., red.: Språk og samfunn gjennom tusen år : ei norsk språkhistorie, 6. utg., 2002, Finn boka
  • Indrebø, Gustav: Norsk målsoga, 2. utg., 2001, Finn boka
  • Torp, Arne & Lars S. Vikør: Hovuddrag i norsk språkhistorie, 3. utg., 2003, Finn boka
  • Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk. Lyd- og ordlære. Oslo 1970 (2. utg. 1986)
  • Jan Terje Faarlund, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo: Norsk referansegrammatikk. Oslo 1997
  • Arne Garborg: Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse. Et Forsøg paa en omfattende Redegjørelse, formet som polemiske Sendebreve til Modstræverne. Kristiania 1877
  • Marius Hægstad: Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet, 1. utg. Namsos 1879, 8. utg. Bergen 1912
  • Leiv Heggstad: Norsk grammatik for skule-ungdom. Kristiania 1914
  • Leiv Heggstad: Norsk grammatikk (større utgåve). Oslo 1931
  • Oddmund Løkensgard Hoel: Mål og modernisering 1868–1940. (Norsk målreising II). Oslo 2011
  • Jens Johan Hyvik: Språk og nasjon 1738–1868. (Norsk målreising I). Oslo 2010
  • Gustav Indrebø: Norsk målsoga. Bergen 2001
  • Arvid Langeland (red.): Nynorsk ordliste. Tradisjonell og einskapleg norm. Oslo 2017
  • Helge Sandøy og Agnete Nesse (red.): Norsk språkhistorie I–IV. Oslo 2016–2017
  • Arne Torp og Lars S. Vikør: Hovuddrag av norsk språkhistorie. Oslo 2014
  • Ivar Aasen: Norsk Grammatik. Kristiania 1864
  • Ivar Aasen: Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Kristiania 1873