Konsultasjon er i medisinen ei rådspørjing hos ein lege eller anna medisinsk personell. Konsultasjonen inneber vanlegvis at pasienten presenterer problemet sitt, og at legen arbeider systematisk med å skaffe nødvendige opplysningar for å stille korrekt diagnose gjennom opptak av sjukehistorie og ved klinisk undersøking.

Faktaboks

Etymologi
av latin consultare, ‘rådspørje’

Korleis ein konsultasjon blir gjennomført i praksis, avheng av ei rekkje forhold. Nokre gonger er det snakk om heilt konkrete problem som skal handterast. Då vil både samtalen mellom pasienten og helsepersonellet og den tilhøyrande undersøkinga gjerne vere prega av dette, og dermed vere ganske målretta. Andre gonger er det snakk om langt meir uklare problemstillingar. Då vil helsepersonellet som oftast bruke god tid på å lytte til pasienten si eiga skildring før ein innsnevrar dialogen gjennom ei meir direkte utspørjing og undersøking.

Konsultasjonen resulterer vanlegvis i ein diagnose og ei eller anna form for behandling. Det er vanleg å dele inn konsultasjonar i kontorkonsultasjonar, telefonkonsultasjonar og sjukebesøk. Frå slutten av 2010-talet har også e-konsultasjonar og dialog gjennom digitale kanalar blitt vanlege.

Dei fleste konsultasjonar skjer hos allmennpraktiserande legar (fastlegar), men mange skjer ved sjukehuspoliklinikkar, hos praktiserande spesialistar og psykologar, ved helsestasjonar og hos bedriftslegar.

I kapittel 5 i helsepersonellova er det føresegner om teieplikta til helsepersonellet. Konsultasjonar hos legar og anna helsepersonell er å sjå på som yting av helsehjelp og er dermed omfatta av føresegnene i helsepersonellova.

Videokonsultasjon

Legetime via videolink.
Av /Shutterstock.

Videokonsultasjon er ei form for medisinsk konsultasjon der pasient og helsepersonell møtest via video i staden for fysisk i same rom. Innhaldet i sjølve konsultasjonen er i hovudsak det same som ved ei vanleg kontorkonsultasjon: pasienten presenterer symptoma sine, og helsepersonellet stiller spørsmål og gjer ei fagleg vurdering.

Ved videokonsultasjon er det likevel avgrensa moglegheit for klinisk undersøking, og legen eller anna helsepersonell må difor i større grad støtte seg på pasienten si eiga skildring og eventuelt eigne målingar (til dømes blodtrykk eller blodsukker gjort heime). Teieplikt og reglar for journalføring gjeld på same måte som ved andre typar konsultasjonar, og det blir stilt krav til trygg bruk av digitale løysingar som sikrar personvern.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg