Vi såg kvarandre sist i 2022. Då feira vi at Lånekassen blei 75 år. I år klinka vi til igjen.
Ørsta-kontoret skulle arrangere samlinga, men den vesle, vakre vestlandsperla hadde ikkje plass til å huse over 300 tilsette.
Ørsta-kontoret tok difor med seg stemninga til Fornebu, og vi fekk sveler, nynorsk og Sidebrok i skjønn foreining!
Sist vi samla oss, feira vi dei siste 75 åra. Denne gongen ville vi sjå framover, og kalla samlinga Framsynt.
Vi hadde mange faglege innslag på programmet. Dei bidreg til at vi fortset å dra i same retning:
📌 Ny-innstilt leiar i KI Noreg, Hans Christian Holte, delte innsikt om framtidsutsikter og erfaringar om endringsevne. Han kunne røpe at det siste har ein heil del med kultur å gjere – som å vere nysgjerrig, feire læring, spørje når ein ikkje forstår og å tolke andre i beste meining.
📌 Eit utval ser på om studiestøtta verkar som den skal. Leiaren av utvalet, Kyrre Lekve, delte nokre av spørsmåla dei stiller seg: Har studentane nok å leve for? Får folk for mykje gjeld når dei er ferdigutdanna? Og bidreg studiestøtta til sosial utjamning?
📌 Forskarar fra NIFU delte funn om utdanningsstøtta: Dei kan ikkje sjå at fleire fullfører på normert tid etter at delar av lånet berre blir gjort om til stipend om studentane består ein grad. Det tydar på at studiepoengproduksjonen er lågare enn før. Men det er ingen tvil om at ordninga har redusert offentlege utgifter.
Vi takkar alle gode kollegaer for ei fin samling. No skal vi fortsette å gjere utdanning mogleg. Som vi har gjort dei siste 79 åra 💜