Lov om norsk riksborgarrett.

DatoLOV-1950-12-08-3
DepartementArbeids- og inkluderingsdepartementet
Ikrafttredelse01.01.1951
Sist endretLOV-2005-06-10-51 fra 01.09.2006, LOV-2005-03-11-13 fra 01.09.2005
KorttittelStatsborgarrettslova – riksbgl.

Lova er opphevd med lov 10 juni 2005 nr. 51 (i kraft 1 sep 2006 iflg. res. 30 juni 2006 nr. 753). – Jfr. lov 25 mai 1979 nr. 19 (sjå II i den lova). – Jfr. tidlegare lover 21 april 1888 (med tilleggslover 27 juli 1896 nr. 4, 29 mars 1900 nr. 1 og 11 juni 1906 nr. 2, avsnitt III), 8 aug 1924 nr. 3 (med tilleggslov 25 juni 1936 nr. 2).

Kapitel 1. Korleis folk får borgarretten.​1

1Sjå kap. 3.

§ 1.

Barn får norsk borgarrett når det kjem til:

a.dersom mora er norsk borgar,
b.dersom faren er norsk borgar og foreldra er gifte,
c.dersom faren er død, men var norsk borgar og gift med mor til barnet då han døydde.

Hittebarn som er funne her i riket, vert rekna for norsk borgar til dess noko anna vert opplyst.

0Endra med lover 25 mai 1979 nr. 19 (sjå II i den lova), 8 april 1981 nr. 7.

§ 1a.

Barn som ikkje er fylt 12 år og som vert adoptert av norsk statsborgar, får ved adopsjonen norsk borgarrett såframt:

a.barnet vert adoptert ved løyve frå departementet, jf. lov av 28. februar 1986 nr. 8 om adopsjon § 1, eller
b.barnet vert adoptert ved utanlandsk adopsjon og departementet har samtykka til adopsjon på førehand, jf. lov av 28. februar 1986 nr. 8 om adopsjon § 16e.

Barn mellom 12 og 18 år som vert adoptert av norsk statsborgar på slik måte som nemnt i første ledd bokstav a eller b, får norsk borgarrett såframt den eller dei av adoptivforeldra som har foreldreansvaret gjev inn skriftleg melding til den tenestemakta som Kongen​1 fastset. Barnet må samtykke i at slik melding vert gjeve inn.

0Tilføyd med lov 21 mai 1999 nr. 32 (i kraft 1 okt 1999, etter res. 21 mai 1999 nr. 501), endra med lov 11 juni 1999 nr. 38 (i kraft 1 des 1999, etter res. 11 juni 1999 nr. 662).
1Fylkesmannen, etter res. 20 aug 1999 nr. 950.

§ 2.

Har norsk mann og utanlandsk kvinne barn i lag frå før dei gifter seg med kvarandre, får barnet norsk borgarrett når foreldra vert vigde,​1 såframt det er ugift og under 18 år.

1Jfr. lov 4 juli 1991 nr. 47 kap. 3.

§ 2a.

Barn under 18 år, som ikkje får norsk borgarrett etter §§ 1 eller 2, får norsk borgarrett etter faren såframt han har teke på seg farskapen i samsvar med reglane i lov 8. april 1981 nr 7 om barn og foreldre § 4 eller farskapen er fastsatt ved dom,​1 og faren var norsk borgar då barnet vart fødd. Dersom faren døydde før barnet vart fødd, men hadde teke på seg farskapen, eller farskapen seinare vert fastsett ved dom, er det avgjerande om faren var norsk borgar då han døydde. For farskap som fylgjer av utanlandsk lov gjeld reglane i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre § 67.

Det er eit vilkår at den eller dei som har foreldreansvaret for barnet, gjev inn skriftleg melding til den tenestemakta Kongen​2 fastset. Barnet må samtykke i at slik melding vert gjeven inn dersom det har fylt 12 år.

0Tilføyd med lov 21 mai 1999 nr. 32 (i kraft 1 okt 1999, etter res. 21 mai 1999 nr. 501), endra med lov 15 juni 2001 nr. 71 (i kraft 1 okt 2001, etter res. 15 juni 2001 nr. 716).
1Jfr. lov 8 april 1981 nr. 7 kap. 4 og tvml. kap. 29.
2Fylkesmannen, etter res. 20 aug 1999 nr. 950.

§ 3.

Utlending som har budd i riket frå han fylte 16 år og tidlegare samanlagt i minst 5 år, får norsk borgarrett​1 når han etterat han fylte 21 år, men før han fyller 23 år, gjev inn skriftleg melding​2 til fylkesmannen om at han vil vera norsk borgar. Har han ikkje borgarrett i noko land, kan han gjeva inn slik melding så snart han har fylt 18 år, dersom han når han gjev inn meldinga har hatt bustad i riket dei siste 5 åra og tidlegare har budd her i minst 5 år til; det same gjeld såframt han etterviser at han misser den framande borgarretten når han får norsk borgarrett.

Er Noreg i krig, kan ingen borgar i fiendestat få norsk borgarrett etter denne paragrafen. Det same gjeld den som er borgarrettslaus, men som seinast hadde borgarrett i fiendestat.

0Endra med lov 20 des 1968 nr. 1.
1Jfr. § 5.
2Sjå § 16 andre leden.

§ 4.

Har nokon som fekk norsk borgarrett då han kom til​1 og har budd i riket til han var 18 år, misst retten,​2 får han norsk borgarrett på ny når han gjev inn skriftleg melding​3 til fylkesmannen om at han vil vera norsk borgar og då har budd​4 i riket dei to siste åra. Har han borgarrett i eit anna land, kan han ikkje gjeva inn slik melding utan å ettervisa at han misser den framande borgarretten når han får norsk borgarrett.

1Sjå § 1.
2Sjå § 7, § 8 og § 9.
3Sjå § 16 andre leden.
4Jfr. § 5.

§ 5.

Dersom nokon får norsk borgarrett etter § 3 eller § 4, får likeins dei ugifte barna hans norsk borgarrett såframt dei bur i riket og er under 18 år, og foreldra var gifte då barnet vart født, eller har gifta seg seinare. Dette gjeld likevel ikkje barn som den andre av foreldra aleine har foreldreansvaret​1 for etter at giftarmålet er gjort om inkje eller ektemakane er skilde eller separerte etter dom eller løyvebrev.​2

Får ei kvinne norsk borgarrett så som nemnt, gjeld føresegnene i første punktum på tilsvarande måte for barn ho har utan å vere gift med faren, om ikkje faren er utlending og har foreldreansvaret for barnet aleine.

0Endra med lover 7 feb 1969 nr. 7, 25 mai 1979 nr. 19 (sjå II i den lova), 8 april 1981 nr. 7.
1Sjå lov 8 april 1981 nr. 7 kap. 5.
2Sjå lov 4 juli 1991 nr. 47 kap. 5.

§ 6.

Kongen eller den han gjev fullmakt,​1 kan skriva ut løyvebrev på norsk borgarrett til utlending som søkjer om det,​2 såframt søkjaren:

1.er minst 18 år,
2.har hatt fast bustad i riket dei siste 7 åra,
3.har fare sømelegt fram,
4.ikkje har vesentleg bidragsgjeld, og
5.dersom søkjaren er under 55 år, har gjennomført 300 timer godkjent norskopplæring eller kan dokumentere tilstrekkelege kunnskapar i norsk eller samisk. Vilkåret her gjeld søkjarar som får sin søknad avgjort etter 1. september 2008.

Søkjar som har vore norsk borgar før, kan få borgarrett endå om han ikkje fyller vilkåra. Det same gjeld søkjar som er gift​3 med norsk borgar og lever saman med ektemaken, eller når andre serlege grunnar er for det. Frå vilkåret i fyrste leden nr. 2 kan det gjerast undantak i andre høve og såframt søkjaren er dansk, finsk, islandsk eller svensk borgar.

Dersom søkjaren etter heimlandslova si ikkje kjem fri frå den gamle borgarskapen utan han vert løyst frå denne, er vilkåret vanleg at han innan eitt år etterviser at han er vorten løyst.

Har søkjaren ugifte​3 born under 18 år, avgjer den tenestemakta som skriv ut borgarbrevet, om det skal gjelda borna og.

0Endra med lover 13 feb 1976 nr. 2, 7 juni 1985 nr. 48, 11 mars 2005 nr. 13 (i kraft 1 sep 2005, etter res. 11 mars 2005 nr. 228).
1Kommunal- og regionaldepartementet, etter res. 15 des 2000 nr. 1263. For adoptivbarn fylkesmannen, etter res. 9 mai 1980 nr. 8774.
2Sjå § 16.
3Sjå lover 4 juli 1991 nr. 47 og 30 april 1993 nr. 40.

Kapitel 2. Korleis folk misser borgarretten.

§ 7.

Norsk borgarrett misser:

1.den som får borgarrett i eit anna land etter søknad eller samtykke med reine ord,
2.den som får framand borgarrett med å taka offentleg teneste i eit anna land,
3.ugift​1 barn under 18 år som får borgarrett i eit anna land avdi ein av foreldra får framand borgarrett så som nemnt under nr. 1 og nr. 2 når han har foreldreansvaret​2 for barnet åleine eller foreldreansvaret saman med den andre av foreldra og denne ikkje er norsk borgar.
0Endra med lover 25 mai 1979 nr. 19 (sjå II i den lova), 8 april 1981 nr. 7.
1Sjå lover 4 juli 1991 nr. 47 og 30 april 1993 nr. 40.
2Sjå lov 8 april 1981 nr. 7 kap. 7.

§ 8.

Norsk borgar som er født i utlandet, misser den norske borgarretten når han fyller 22 år såframt han før den tid aldri har budd i riket og heller ikkje har hatt tilhald her som tyder på samhøyrsle med Noreg, såframt han då ikkje vert utan borgarrett i noko land. Men søkjer​1 ein slik borgar, før han fyller 22 år, om å få ha retten, kan Kongen eller den han gjev fullmakt​2 la søkjaren få brev på det. Reglane i leden her gjeld ikkje såframt han har misst den norske borgarretten etter § 9 a andre leden første punktum.

Misser nokon norsk borgarrett etter denne paragrafen, misser likeeins borna hans den norske borgarretten som dei har frå han, såframt barnet då ikkje vert utan borgarrett i noko land.

0Endra med lover 20 des 1968 nr. 1, 25 mai 1979 nr. 19 (sjå II i den lova), 15 juni 2001 nr. 71 (i kraft 1 okt 2001, etter res. 15 juni 2001 nr. 716).
1Sjå § 16.
2Kommunal- og regionaldepartementet, etter res. 15 des 2000 nr. 1263.

§ 9.

Norsk borgar som søkjer om det,​1 kan verta løyst frå den norske borgarskapen av Kongen eller den han gjev fullmakt,​2 såframt søkjaren er borgar i eit anna land eller vil verta det. Løysing kan ikkje nektast den som er fast busett utanfor riket.

Har søkjaren ikkje borgarrett i eit anna land, er vilkåret for løysing at han får dette innan ein viss fastsett frest.

0Endra med lov 25 mai 1979 nr. 19 (sjå II i den lova).
1Sjå § 16.
2Kommunal- og regionaldepartementet, etter res. 15 des 2000 nr. 1263.

§ 9 a.

Kongen kan gjere avtale med anna land om at føresegnene i annet og tredje leden her nedanfor skal gjelde. Med avtaleland er i paragrafen her meint stat som det er gjort slik avtale med.

Norsk borgar som også er borgar i slikt avtaleland, misser den norske borgarretten når han når ein alder mellom 19 og 22 år som skal vere fastsett i avtalen, såframt han då bur i og i dei siste fem år utan avbrot har hatt fast bustad i det landet. Samstundes misser barna hans den norske borgarretten som dei har frå han, såframt barnet då ikkje blir utan borgarrett i noko land eller anna er fastsett i avtalen.

Har nokon misst den norske borgarretten etter første punktum i andre leden og etter den tid utan avbrot berre vore borgar i avtalelandet, får han norsk borgarrett tilbake såframt han buset seg i riket og deretter gjev inn skriftleg melding til fylkesmannen om at han vil vere norsk borgar. Føresegnene i § 4 andre punktum og i § 5 gjeld tilsvarande.

0Tilføyd med lov 25 mai 1979 nr. 19 (sjå II i den lova).

Kapitel 3. Serfyresegner etter avtale med annan stat.

§ 10.

Kongen kan gjera avtale med Danmark, Finland, Island og Sverige om at ei eller fleire av fyresegnene under A, B og C her nedanfor skal gjelda. Med nordisk avtaleland er i denne paragrafen meint stat som det er gjort slik avtale med.

A. Bustad i nordisk avtaleland seinast 5 år før melding vert gjeve, likevel ikkje etter fylte 16 år, skal etter § 3 vera jamstelt med bustad i riket.

Bustad i nordisk avtaleland til ein alder på 12 år skal etter § 4 vera jamstelt med bustad her i riket.

Fyresegna i § 8, fyrste leden gjeld ikkje for den som i samanlagt minst 7 år har vore busett i nordisk avtaleland.

B. Borgar i nordisk avtaleland som

1.ikkje har fått borgarretten der ved borgarrettsløyve,
2.har fylt 18 år,
3.har hatt fast bustad i riket dei siste 7 åra og
4.ikkje i den tida er dømd til fridomsstraff og heller ikkje til overføring til tvungent psykisk helsevern etter straffelova​1 § 39 eller tvungen omsorg etter straffelova § 39 a,

får norsk borgarrett når han gjev inn melding​2 til fylkesmannen om at han vil vera norsk borgar. Fyresegnene i § 5 gjeld på tilsvarande måte.

C. Har nokon misst den norske borgarretten​3 og etter den tid berre vore borgar i nordisk avtaleland, får han norsk borgarrett såframt han buset seg i riket og deretter gjev inn skriftleg melding​2 til fylkesmannen om at han vil vera norsk borgar. Fyresegnene i § 5 gjeld på tilsvarande måte.

0Endra med lover 20 des 1968 nr. 1, 25 mai 1979 nr. 19 (sjå II i den lova), lov 17 jan 1997 nr. 11 (i kraft 1 jan 2002 iflg. lov 15 juni 2001 nr. 64) som endra med lov 15 juni 2001 nr. 64.
1Lov 22 mai 1902 nr. 10.
2Sjå § 16 andre leden.
3Sjå § 7, § 8 og § 9.

Kapitel 4. Ymse føresegner.

§ 11.

Barn som er nemnt i § 1, fyrste leden nr. 2,​1 og som er under 18 år når denne lova tok til å gjelda,​2 får norsk borgarrett då, såframt det ikkje er eller har vore borgar i noko anna land.

1Tilvisinga gjeld lova før endringslova 25 mai 1979 nr. 19.
2Sjå § 18.

§ 12.

Den som fyller 22 år innan eitt år etter at denne lova tok til å gjelda – – –

§ 13.(Opphevet)

0Opphevd med lov 9 juni 1989 nr. 30.

§ 14.

Den som har misst norsk borgarrett etter § 6 b i lov 21. april 1888​1 av di han har forlate landet for godt, men som ikkje hadde misst retten etter § 8 i denne lova, får att norsk borgarrett når han gjev inn skriftleg melding​2 til den tenestemakt Kongen fastset, om at han vil vera norsk borgar. Den som har fått borgarrett i eit anna land, kan ikkje gjeva inn slik melding.

Fyresegnene i § 5 gjeld på tilsvarande måte likevel så at barnet ikkje treng bu her i riket.

1Opphevd med lov 8 aug 1924 nr. 3.
2Sjå § 16 andre leden.

§ 15.

Kvinne som er gift eller har vore gift og som vert 22 år i dei tri fyrste åra etter at denne lova er sett i kraft – – –

§ 16.

For den som er under 18 år eller som ikkje kan binda seg rettsleg av di han er sinnsjuk, sender verja​1 inn søknad etter § 6, § 8 og § 9, men elles søkjaren sjølv.

Melding etter § 3 (jfr. § 12), § 4, § 9 a, § 10 bokstav B og C og § 14 kan verja ikkje gjeva inn.

0Endra med lover 25 mai 1979 nr. 19 (sjå II i den lova), 20 juni 2003 nr. 45 (i kraft 1 juli 2003, etter res. 20 juni 2003 nr. 712).
1Sjå lov 22 april 1927 nr. 3 kap. 2.

§ 17.

Kongen eller nokon med fullmakt frå han​1 gjev dei fyresegnene som trengs til gjennomføring av denne lova. Kongen kan ved fyresegn fastsetje at det skal krevjast gebyr for å handsame søknad om norsk borgarrett.

0Endret ved lov 29 aug 2003 nr. 88.
1Kommunal- og regionaldepartementet, etter res. 15 des 2000 nr. 1263.

§ 18.

Denne lova tek til å gjelda 1. januar 1951. Dersom nokor fyresegn strider mot traktat, er det traktatregelen som gjeld.

Lova gjeld for Svalbard​1 og Jan Mayen​2 òg, §§ 3 og 4 likevel berre så langt Kongen fastset.

– – –

1Sjå lov 17 juli 1925 nr. 11 § 1 andre leden.
2Jfr. lov 27 feb 1930 nr. 2 § 2 første leden.