Lov om oppehalding av pris- og rasjoneringsføresegnene o.a.

DatoLOV-1948-07-09-3
DepartementAdministrasjonsdepartementet
Sist endretLOV-1993-06-11-65 fra 01.01.1994
KorttittelLov om pris- og rasjoneringsføresegnene.

Opphevet ved lov 11 juni 1993 nr. 64 (i kraft 1 jan 1994 iflg. res. 12 nov 1993 nr. 1022). Jfr. tidlegare lover 14 mai 1917 nr. 5 § 8, 27 feb 1948.



Kapitel 1. Kva lova gjeld. Definisjonar.

§ 1.

Reglane i denne lova gjeld

a.pris-, rasjonerings- og forsyningskontrollen så langt han høyrer under dei styremaktene som er nemnde i kapitel 2, og
b.førehaving av pris-, rasjonerings- og forsyningssaker.​1
1Sjå § 2 andre leden og § 3 andre leden.

§ 2.​1

Med prisføresegner er i denne lova meint dei føresegnene som det i lov om kontroll og regulering av priser, utbytte og konkurranseforhold​2 eller i [midlertidig] lov om regulering av leie for husrom m.v.​3 er sett straff for å bryta.

Med prissak er meint ei sak om straff eller inndraging etter føresegnene som er nemnde i fyrste leden.

1Endra med lover 26 juni 1953 nr. 5, 25 juni 1954 nr. 13.
2Sjå lov 26 juni 1953 nr. 4.
3Sjå lov 7 juli 1967 nr. 13.

§ 3.​1

Med rasjonerings- og forsyningsføresegner er i denne lova meint dei føresegnene som det i lov om forsynings- og beredskapstiltak​2 er sett straff for å bryta.

Med rasjonerings- og forsyningssak er meint ei sak om straff eller inndraging etter føresegnene som er nemnde i fyrste leden.

1Endra med lov 14 des 1956 nr. 8.
2Sjå lov 14 des 1956 nr. 7.

Kapitel 2. Kontrollen.​1

1Overskrifta endra med lov 28 mars 1958 nr. 12.

§ 4.​1

Statens pristilsyn​2 under leiing av Prisdirektoratet​3 og direktoratet sjølv på eiga hand skal kontrollera at prisføresegnene​4 vert haldne. Dei kommunale prisnemndene skal og vera med i kontrollen under leiing av Statens pristilsyn, om Kongen ikkje fastset noko anna.

Kongen gjev nøgnare føresegner om kontrollarbeidet.

1Endra med lover 29 mars 1957 nr. 7, 28 mars 1958 nr. 12, 22 des 1961 nr. 2.
2Sjå lov 26 juni 1953 nr. 4 § 6.
3Sjå lov 26 juni 1953 nr. 4 § 5.
4Sjå § 2.

§ 5.(Opphevd)

0Opphevd med lov 28 mars 1958 nr. 12.

§ 6.​1

Under leiing av Prisdirektoratet​2 skal Statens pristilsyn​3 kontrollera at rasjonerings- og forsyningsføresegnene vert haldne. Pristilsynet skal samarbeida med dei kommunale forsyningsnemndene og fylkesforsyningsnemndene om denne kontrollen.

Kongen gjev nøgnare føresegner om kontrollarbeidet.

1Endra med lover 26 juni 1953 nr. 5, 28 mars 1958 nr. 12, 22 des 1961 nr. 2.
2Sjå lov 26 juni 1953 nr. 4 § 5.
3Sjå lov 26 juni 1953 nr. 4 § 6.

§ 7.​1

Alle pliktar​2 å gjeva styremakt som er nemnd i §§ 4 og 6, første punktum, dei opplysningar ho krev til å greia gjeremåla sine etter denne lova. Opplysningane kan styremakta krevja å få skriftleg eller munnleg og innan den fristen ho set. Gjeld meldinga løynhalden teknisk driftsgreie eller framgangsmåte, kan kvar og ein krevja at han får gjeva opplysningane berre til sjefen for Prisdirektoratet eller til ein som denne særskilt nemner opp til meldingsmottakar.

1Endra med lover 26 juni 1953 nr. 5, 28 mars 1958 nr. 12, 22 des 1961 nr. 2.
2Sjå § 9, jfr. strl. § 339.

§ 8.​1

Styremakt som er nemnd i §§ 4 og 6 første punktum, kan krevja å få granska forretningsbøker, forretningspapir, møtebøker og andre bøker og dokument. Trengst det kan styremakta krevja at politiet kverrset dei nemnde ting. Likeins kan styremakta krevja å få synfara føretak og andre faste eigedomar​2 og sjå over varer og annan lausøyre.

1Endra med lover 26 juni 1953 nr. 5, 28 mars 1958 nr. 12.
2Sjå § 9, jfr. strl. § 326.

§ 9.

Dersom nokon med vilje eller av aktløyse let vera å gjeva opplysningar som nemnt i § 7 eller gjev usanne eller uheile opplysningar eller let vera å retta seg etter påbod om gransking eller synfaring som nemnt i § 8, vert han straffa med bot​1 eller med fengsel i opptil 3 månader dersom gjerninga ikkje går inn under strengare straffebod. For medverking er det same straff.

1Sjå strl. § 27.

§ 10.​1

Kongen kan fastsetja at tenestemenn i stat eller kommune skal samarbeida med styremakt som er nemnd i § 4 i samsvar med føresegner som Kongen gjev. Det kan fastsetjast at visse tenestemenn skal ha plikt til å melda av til kontrollmaktene når dei i arbeidet sitt får kjennskap til eller skilleg grunn til å tru at nokon har broti ei pris-, rasjonerings- eller forsyningsføresegn.​2

1Endra med lov 28 mars 1958 nr. 12.
2Sjå §§ 2 og 3.

§ 11.​1

Lovsett teiingsskyldnad tek ikkje styremakt som har med likning og skattlegging, fri frå plikt til å gjeva opplysning etter § 7 til styremakt som er nemnd i §§ 4 og 6 første punktum. Heller ikkje skal slik teiingsskyldnad vera til hinder for at bøker, dokument o.a. vert granska etter § 8 første punktum. Det som her er sagt, gjeld tilsvarande for styremakt som greider med offentleg kontroll av næringsverksemd, innførsle- og utførslekontroll og omframme forsyningstiltak.

1Endra med lover 26 juni 1953 nr. 5, 28 mars 1958 nr. 12. Sjå note 3 til strl. § 121.

§ 12.(Opphevd)

0Opphevd med lov 16 mai 1986 nr. 21.

Kapitel 3. Domstolar og rettargang.

§ 13.(Opphevd)

0Opphevd med lov 22 mai 1981 nr. 26.

§ 14.​1

Krav om at ulovleg pris skal betalast attende, kan takast med i sak​2 og førelegg​3 etter denne lova, dersom kravet har grunnlag i den gjerninga som var opphavet til saka (førelegget). Reglane i §§ 426, 427, 428 første leden første punktum og 431-435 i straffeprosesslova gjeld på tilsvarande måte. Det som der er sagt om den krenkte, gjeld her kravshavaren.

Både påtalemakta, kravshavaren og den kravet er vend mot kan anka, krevja ny førehaving og oppatt-taking etter reglane i denne lova. Vert avgjerda då brigda, kan retten likeins brigda tilsvarande den inndragingssumen som er fastsett i domen eller førelegget, jfr. § 56 fjorde leden i lov om kontroll og regulering av prisar, utbytte og konkurranseforhold,​4 endå om det ikkje er sett fram særskilt krav om at inndragingsavgjerda skal prøvast.

1Tilføyd som § 14 a med lov 26 juni 1953 nr. 5, endra med lover 29 mars 1957 nr. 7 (paragrafnummeret endra til § 14), 22 mai 1981 nr. 26.
2Sjå § 1 b.
3Sjå § 15 med note 3.
4Sjå lov 26 juni 1953 nr. 4.

§ 15.​1

Sak som går inn under denne lova​2 kan verta avgjort med førelegg frå politiet.​3

Den vanlege fristen for anke i sak etter lova er fire veker.

1Endra med lover 26 juni 1953 nr. 5, 22 mai 1981 nr. 26.
2Sjå § 1 b.
3Sjå strpl. kap. 20.

§ 16.(Opphevd)

0Opphevd med lov 22 mai 1981 nr. 26.

§ 17.(Opphevd)

0Opphevd med lov 22 mai 1981 nr. 26.

§ 18.(Opphevd)

0Opphevd med lov 22 mai 1981 nr. 26.

§ 19.(Opphevd)

0Opphevd med lov 22 mai 1981 nr. 26.

§ 20.​1

Av dom, orskurd og førelegg skal det straks sendast avskrift til distriktskontoret for Statens pristilsyn.​2

1Endra med lover 28 mars 1958 nr. 12, 22 des 1961 nr. 2.
2Sjå lov 26 juni 1953 nr. 4 § 6.

– – –

Kapitel 4. Mellombels føresegner (til 31 des 1949).

Kapitel 5. Ymse føresegner.

§ 26.(Opphevd)

0Opphevd med lov 22 mai 1981 nr. 26, i kraft 1 jan 1986.

§ 27.(Opphevd)

0Opphevd med lov 26 jan. 1973 nr. 2.

§ 28.

Denne lova tek til å gjelda frå den dag Kongen fastset.​1 – – –

Lova gjeld ikkje for Svalbard utan Kongen fastset det.

1Frå 1 okt 1948, etter res. 9 juli 1948.