Mellombels lov om utførsleforbod.

DatoLOV-1946-12-13-30
DepartementUtenriksdepartementet
Sist endretLOV-1997-06-06-32 fra 06.06.1997
KorttittelMellombels lov om utførsleforbod.

§ 1.​1

Utan serskilt løyve (utførslelisens) må ingen føre ting eller varer av noko slag – her medrekna levande dyr – ut av riket. Forbodet gjeld og utførsle til Svalbard og Jan Mayen og all levering til utlandet av varer som er vunne ved fiske eller fangst frå norsk farty.

Kongen eller den han gjev fullmakt,​2 kan gjera unnatak frå forbodet.

1Endret ved lov 12 des 1947 nr. 10.
2Utenriksdepartementet iflg. res. 12 des 1947 og 18 des 1987 nr. 970, Fiskeridepartementet forsåvidt angår fisk og fiskevarer iflg. res. 18 mai 1956 og 4 nov 1983 nr. 1599.

§ 2.​1

Kongen, eller den som har fullmakt​2 frå honom, gjev utførslelisens. Det kan fastsetjast serskilde vilkår for lisens.

1Endret ved lov 23 mars 1956 nr. 3.
2Utenriksdepartementet iflg. res. 12 des 1947 og 18 des 1987 nr. 970, Fiskeridepartementet forsåvidt angår fisk og fiskevarer iflg. res. 18 mai 1956 og 4 nov 1983 nr. 1599.

§ 3.​1

Alle plikter å gjeva vedkomande departement dei opplysningane dette krev å få for å gjennomføre føresegnene i lova, såleis utførsleoppgåve for ting og varer som etter § 1 andre leden, ikkje gjeng inn under forbodet i fyrste leden av same paragrafen. Vert det kravt, plikter vedkomande å leggja fram rekneskapsbøker, forretningspapir og andre dokument som departementet meiner har vekt for saka. Trengst det, kan departementet setja politiet til å granska slike bøker og dokument.

Når departementet har fastset det, kan offentlege styremakter som har med skattelikninga og kontrollen av omsetningsavgifta å gjera få løyve til å gjera seg kjende med dei opplysningane som vert gjevne etter denne lova.

So langt tenesteskyldnad ikkje er til hinder, skal alle teie​2 med det dei får kjennskap til i yrket sitt etter denne lova. Forvaltningslova​3 §§ 13 til 13 e gjeld ikkje her.

1Endret ved lover 29 juni 1951 nr. 2, 16 mai 1986 nr. 21.
2Se strl. § 121.
3Lov 10 feb 1967.

§ 4.

Kongen eller den som har fullmakt​1 frå honom kan gjeva nøgjare føresegner til utfylling og gjenomføring av lova.

1Utenriksdepartementet iflg. res. 12 des 1947 og 18 des 1987 nr. 970, Fiskeridepartementet forsåvidt angår fisk og fiskevarer iflg. res. 18 mai 1956, 4 nov 1983 nr. 1599.

§ 5.

Har nokon med vilje

1.ført ut eller freista føre ut ting eller varer i strid med denne lova, eller føresegner gjevne med heimel i lova, eller
2.brote eller freista bryte vilkår sett med heimel i denne lova, eller
3.gjeve urett opplysning, munnleg eller skriftleg,
a.i utsegn gjeven til bruk for offentleg styresmakt eller målsmann for styresmakta i utførslesak eller søknad um utførsleløyve,
b.i utsegn som skal kunne gjera at ein annan har høve til å gjeva slik utsegn som nemnt under punkt a),

um tilhøve som har noko å segje for retten til å føre ut ting eller varer, eller

4.brote eller freista bryte på anna vis føresegn som lova gjev, eller som er gjeven med heimel i denne,

vert han straffa med bot​1 eller fengsel i opp til 6 månader eller med både desse straffene dersom åtferda ikkje går inn under strengare straffebod.

For medverking til brot som nemnt i første leden er det same straffa.

Har nokon av aktløyse gjort eller medverka til slike brot som nemnt i første leden, vert han straffa med bot​1 eller fengsel i opp til 3 månader.

Brot på denne paragrafen er misferd.

1Se strl. § 27.

§ 6.(Opphevet ved lov 20 juli 1991 nr. 66.)

§ 7.

Denne lova tek til å gjelda straks.

Mellombels rettarbot frå 26 november 1945 um utførsleforbod og lov frå 18 august 1914 om sal og utførsle av matvarer o.a. og tilleggslov til denne frå 14 mai 1917, §§ 1, 2, 3 og 7 fell bort frå same tid.

Føresegner gjevne og vedtak gjorde med heimel i nemnde rettarbot og lover skal gjelda til dei vert sette ut av kraft eller avløyste med føresegn eller vedtak som har heimel i denne lova. Det same gjeld føresegner utferda med heimel i mellombels rettarbot frå 26 august 1939.