Norsk Lovtidend logo

Lov om den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta (ELA-lova)

DatoLOV-2025-04-10-8
DepartementArbeids- og inkluderingsdepartementet
Ikrafttredelse10.04.2025
EndrerLOV-1997-02-28-19, LOV-2012-12-14-81
Kunngjort10.04.2025   kl. 11.45
Journalnr2025-0367
KorttittelELA-lova
EØS/EU/SchengenEØS-avtalen vedlegg V
nr. 11 (forordning (EU) 2019/1149).

Prop. 8 LS (2024–2025), Innst. 181 L (2024–2025), Lovvedtak 42 (2024–2025). Stortingets første og andre gongs behandling hv. 1. og 8. april 2025. Fremja av Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Endringar i følgjande lover:

1Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven).
2Lov 14. desember 2012 nr. 81 om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS mv. (EØS-arbeidstakarlova).
§ 1.Gjennomføring av forordning (EU) 2019/1149

EØS-avtala vedlegg V nr. 11 (forordning (EU) 2019/1149 om innføring av ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, om endring av forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 og om oppheving av avgjerd (EU) 2016/344) gjeld som lov med dei tilpassingar som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til avtala og avtala elles.

§ 2.Forskrifter

Departementet kan gi forskrift om kva for forvaltningsorgan som er ansvarlege for ulike oppgåver etter forordning (EU) 2019/1149, og om ansvarsfordelinga mellom dei.

§ 3.Endringar i andre lover

Frå den tida lova tek til å gjelde, blir følgjande endringar gjorde i andre lover: 

1. I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd skal § 1-3 a fyrste ledd lyde:

EØS-avtalen vedlegg VI nr. 1 (forordning (EF) nr. 883/2004 om koordinering av trygdeordninger, som endret ved forordning (EF) nr. 988/2009, forordning (EU) nr. 1244/2010, forordning (EU) nr. 465/2012, forordning (EU) nr. 1224/2012, forordning (EU) nr. 517/2013, forordning (EU) nr. 1372/2013, forordning (EU) nr. 1368/2014, forordning (EU) 2017/492 og forordning (EU) 2019/1149) (trygdeforordningen) gjelder som lov med de tilpasningene som følger av vedlegg VI, protokoll 1 og avtalen for øvrig.

 

2. I lov 14. desember 2012 nr. 81 om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS mv. skal § 1 lyde:

§ 1.

EØS-avtalen vedlegg V nr. 2 (forordning (EU) nr. 492/2011 om fri rørsle av arbeidstakarar, som endra ved forordning (EU) 2016/589 og forordning (EU) 2019/1149) og vedlegg V nr. 9 (forordning (EU) 2016/589 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene, som endra ved forordning (EU) 2019/1149) gjeld som lov med dei tilpassingane som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til avtalen og avtalen elles.

§ 4.Iverksetjing

Lova tek til å gjelde straks.