Ot.prp.nr.28 (1987–1988), Innst.O.nr.42 (1987–1988), Besl.O.nr.52 (1987–1988). Odels- og Lagtingsvedtak 15. og 22. mars 1988. Fremja av Kultur- og vitskapsdepartementet.
Film og videogram som skal synast fram i næring, skal godkjennast for aldersgruppene fem år og eldre, ti år og eldre, femten år og eldre eller atten år og eldre.
Når dei er i lag med føresette eller andre i føresettes stad, kan
a)
barn under fem år sjå film og videogram som er godkjende for aldersgruppa fem år og eldre, og
b)
barn i aldersgruppa fem år og eldre sjå film og videogram som er godkjende for aldersgruppa ti år og eldre.
§ 7 skal lyde:
Videogram som skal omsetjast i næring, må vere registrert i eit videogramregister. Registrering kan berre skje om importør eller produsent er registrert i samsvar med § 9.
Videogramregisteret kan krevje at eit videogram skal vere vurdert av Statens filmkontroll før det blir registrert. Videogramregisteret kan og krevje at Statens filmkontroll vurderer videogram som alt er registrerte. Eit videogram som Statens filmkontroll meiner er i strid med reglane i straffelova § 211 eller § 382, kan ikkje registrerast. Det same gjeld videogram som er funne rettsstridig ved dom, vedteke førelegg eller som etter avgjerd av påtalemakta eller forhørsretten skal inndragast eller sperrast fordi det er eller kan vere i strid med reglane i straffelova § 211 eller § 382. Sjølv om eit videogram er omfatta av dom, vedteke førelegg, eller påtalemakta eller førhørsretten har vedteke at videogrammet skal inndragast eller sperrast, kan ein importør eller produsent krevje at videogrammet blir vurdert av Statens filmkontroll.
Ein kopi av kvart videogram som er vurdert av Statens filmkontroll, skal arkiverast i Norsk filminstitutt. Det same gjeld videogram som etter dom eller vedteke førelegg er funne rettsstridig og som blir inndrege.
Departementet gir i forskrift nærmare reglar om innhaldet i registeret, registerføringa og når registreringa skal skje.
II
I Almindelig borgerlig straffelov av 22. mai 1902 nr. 10, skal det gjerast følgjande endringar:
§ 211 sjuande ledd (nytt), skal lyde:
Paragrafen gjelder ikke for film eller videogram som Statens filmkontroll ved forhåndskontroll har godkjent til ervervsmessig framvisning eller omsetning.
§ 382 fjerde ledd skal lyde:

Lov om endringar i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram m.m.
Ot.prp.nr.28 (1987–1988), Innst.O.nr.42 (1987–1988), Besl.O.nr.52 (1987–1988). Odels- og Lagtingsvedtak 15. og 22. mars 1988. Fremja av Kultur- og vitskapsdepartementet.
Endring i lov:
I
I lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram skal det gjerast følgjande endringar:
§ 5 første og andre ledd skal lyde:
Film og videogram som skal synast fram i næring, skal godkjennast for aldersgruppene fem år og eldre, ti år og eldre, femten år og eldre eller atten år og eldre.
Når dei er i lag med føresette eller andre i føresettes stad, kan
§ 7 skal lyde:
Videogram som skal omsetjast i næring, må vere registrert i eit videogramregister. Registrering kan berre skje om importør eller produsent er registrert i samsvar med § 9.
Videogramregisteret kan krevje at eit videogram skal vere vurdert av Statens filmkontroll før det blir registrert. Videogramregisteret kan og krevje at Statens filmkontroll vurderer videogram som alt er registrerte. Eit videogram som Statens filmkontroll meiner er i strid med reglane i straffelova § 211 eller § 382, kan ikkje registrerast. Det same gjeld videogram som er funne rettsstridig ved dom, vedteke førelegg eller som etter avgjerd av påtalemakta eller forhørsretten skal inndragast eller sperrast fordi det er eller kan vere i strid med reglane i straffelova § 211 eller § 382. Sjølv om eit videogram er omfatta av dom, vedteke førelegg, eller påtalemakta eller førhørsretten har vedteke at videogrammet skal inndragast eller sperrast, kan ein importør eller produsent krevje at videogrammet blir vurdert av Statens filmkontroll.
Ein kopi av kvart videogram som er vurdert av Statens filmkontroll, skal arkiverast i Norsk filminstitutt. Det same gjeld videogram som etter dom eller vedteke førelegg er funne rettsstridig og som blir inndrege.
Departementet gir i forskrift nærmare reglar om innhaldet i registeret, registerføringa og når registreringa skal skje.
II
I Almindelig borgerlig straffelov av 22. mai 1902 nr. 10, skal det gjerast følgjande endringar:
§ 211 sjuande ledd (nytt), skal lyde:
Paragrafen gjelder ikke for film eller videogram som Statens filmkontroll ved forhåndskontroll har godkjent til ervervsmessig framvisning eller omsetning.
§ 382 fjerde ledd skal lyde:
Paragrafen gjelder ikke for film eller videogram som Statens filmkontroll ved forhåndskontroll har godkjent til ervervsmessig framvisning eller omsetning.
III Ikraftsetjing
Lova tek til å gjelde fra den tid Kongen fastset.