ugras
Bekjemping
Det finst fleire måtar å bli kvitt ugras. Ein bonde kan gjere jorda si veldig god for plantene hen vil dyrke og mindre god for ugras. Hen kan sprøyte på kjemikaliar som drep ugras. I hagar er det vanleg å plukke bort ugras med hendene eller ein spade. Dette blir kalla luking.
Eksempel på ugras
Løvetann er ei plante som kan vekse i hagar, i eng og i beite. Fordi ho ikkje alltid er ynskt i desse miljøa, vert ho sett på som ugras her. Løvetann har ei stor rot som gjer at planta er vanskeleg å bli kvitt. I tillegg lagar ho mange frø som kan bli til mange nye planter. Dette er typisk for mange av plantene som vert sett på som ugras.
Andre artar, som for eksempel skvallerkål, formeirer seg utan frø, men lager raskt nye planter ved å spreie seg med stenglar under jorda.